søndag 16. oktober 2011

Bruk av brødbakemaskin

 Eg veit at det står mange lite brukte brødbakemaskiner rundt om i heimane.  Mi tredje av same slag er i bruk kvar einaste dag, om eg då ikkje bakar etter andre metodar.

Ein kan bruke sine eigne oppskrifter. Det er greit å prøve dei i heftet først. Sjølv gjekk eg raskt over til å bruke fersk gjær i staden for tørrgjær.

I går laga eg ein pizzadeig med 1/4 pakke vanleg gjær og olivenolje. Eg har funne ut av forholdet mellom væske og mjøl er ca 2 1/2 dl mjøl til 1 dl væske.
 Der er eige program som heiter pizzadeig.
 Deigen kan heve i maskina, eller ein kan ha han over i ein bolle med olivenolje.  I går heva eg deigen i same bollen som grytebrødet.  Når deigen har heva, er det lett å trykke han ut med hendene.
 I staden for å vaske forma, noko eg sjeldan gjer, la eg nokre linfrø i bløyt.  Bløytlagde linfrø gir mjuke brød, og kroppen kan gjere seg nytte av dei.
 I dag baka eg med snøggprogrammet.  Då bruker eg 1/2 pk gjær, 3/4 ts salt, 4 dl lunken væske og ca 10 dl mjøl, av dette er 75% grovt.  I tillegg hadde eg i eit lite egg.
Maskina knar deigen ca 15 minutt.  Bildet er tatt i byrjinga.  Klumpen vert glattare etter kvart.
Etter 1 time og 48 minutt er brødet ferdig!  Det held seg varmt i maskina i ein time - om ein ikkje tek det ut med ein gong.

Fordelen med å bake i maskin er at ein slepp å passe på heving og steiking.  Ein kan til dømes gå seg ein tur rundt vatnet, som eg gjorde i dag.  (Så fekk eg sagt det.)

7 kommentarer:

  1. Godt høyre om nokon som er nøgd med bakemaskin ;-)
    Og brødet såg retteleg godt ut!

    Ha fin veke!

    SvarSlett
  2. Mi er òg ofte i bruk, sjølv om ungane synest kjøpe-kneipp av simplaste sort er best - spesielt viss eg får den oppskoren på maskin på butikken...

    SvarSlett
  3. Eg handlar berre om kvelden stort sett, og så kostar brøda nesten 30 kroner. Så då fyller eg heller maskina. Men om ungane skulle ha bestemt, hadde dei nok ete fint brød fint oppskore, ja.

    SvarSlett
  4. Det brødet såg nauta godt ut!

    Er det servietten på fatet du meinar, så har eg kjøpt dei hos E-Design på Hareid..

    God ny veke!

    SvarSlett
  5. Takk for tips!
    Såg ut som handduk ...

    SvarSlett
  6. Skal innrømme at eg sjeldan brukar bakemaskin. Den står i kjellaren, det kan vere noko av grunnen. Men den første bakemaskina i familien var det VI som kjøpte. Eg ville gi deg ei, men NEI TAKK! det skulle du ikkje ha.Dei første bakemaskinene var ikkje så gode som dei ein får no, og du har så vidt eg veit slite ut fleire? Kjøpebrød er lite å bli mett av, det kan eg skrive under på.

    SvarSlett
  7. Eg trur det var visse andre i familien... Det er ikkje likt meg å ikkje ville ha maskiner!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...