lørdag 13. august 2011

Striskjorte og havrelefse?

Det haglar nok av råd frå mødrer og fedrar til dei som flyttar ut i desse dagar.  Eg har samla nokre av mine sidan eg veit at ein del ungdomar, nærare bestemt tidlegare elevar, les bloggen min.
I desse dagar er det mange ungdomar som skal ut i verda og greie seg sjølve.  Mange har nok eit urealistisk bilde av pengebruken sin.  For å sitere ein kar: " Eg har lært to ting etter at eg har flytta ut.  Ein, mat er dyrt, to, eg et mykje."

Budsjett
Det kan vere lurt å gøyme på handlelappane og sjå kvar pengane vert av.  Studenten meiner han kan ete for 50 kr om dagen.  Då eg reiste på ferie fekk dei to karane 100 kroner dagen til mat.  Det er sjølvsagt noko heilt anna å greie seg når frysarar og kjøleskap er fulle av mat.

Pizzaperioden
Eg trur mange unge, kanskje særleg unge menn, må gjennom ein periode med frosenpizza. Lettvintare kan dei ikkje få det.  Men det vert einsformig i lengda.

Pulvermat
Pakkar med pulver er lettvint, men verken billeg eller sunt.  Det finst unntak som til dømes brun saus.

Middag: Lær deg å lage mat
Ta fram kokeboka frå skulkjøkenet, eller finn oppskrifter på nett.  Gunda kjem med "Smalhans" ut i veka.  Den torer eg å anbefale usett.  Enkel mat frå grunnen av er sunt og rimeleg, og slett ikkje vanskeleg å lage.

5 om dagen
Mødrene er nok mest urolege for manglande mineralstoff og vitaminar. Skal ein orke å lese, kan ein ikkje lide av vitaminmangel. Gjer eit lite glas appelsinjus og ei gulrot til ein vane.  Kjøp elles gjerne frukt og grønsaker på tilbod.

Moderate mengder mjølk
Heime pelmar unge menn gjerne ein mjølkeliter når dei er tørste.  Unn deg 1/2 liter til drikke kvar dag.  Havregryn og mjølk er sunt og rimeleg.


Smør matpakke
Det er lett gjort å bruke heile matbudsjettet på lunsj i kantina.  Smør matpakke, gjerne kvelden før, og ta med drikke på termos.

Brødbakemaskin
Eg har lova dei som vil ha av borna, ei brødbakemaskin.  Han som har tatt imot, bruker den flittig.


Merkevarer
Butikkjedene har ulike billegmerke som X-tra, Eldorado og Landlord. Ein får bestemme seg for kva ein liker av billege produkt. Ein sparer gjerne eit par kroner på å hakke tomatane sjølv.

Tilbod
Finn du mat i på tilbod i butikken eller varer som er nedprisa fordi dei snart går ut på dato, får du meir for pengane.  Sesongvarer er billege i sesongen.  Akkurat no er gulrøtene 25 kroner kiloen. Om ikkje lenge er det sesong for norske gulrøter, og prisane fell kanskje til 10 kroner.

Et opp maten din
Kjøp ikkje meir enn du treng. Lag ikkje meir mat enn du har tenkt å ete.  Er ein åleine, steiker ein så mange karbonadar ein et. Er ein fleire, kan den som steiker "ta opp bestilling".  Middagsrestar kjøler du raskt ned og et neste dag eller til kveldsmat.


Ta det som ei utfordring å leve sunt og godt på budsjett!

Spar mens du har!
Heldigvis får dagens studentar løn og stipend utbetalt kvar månad med dobbel utbetaling i starten av kvart semester, ikkje to gongar i året som i vår studietid.

3 kommentarer:

  1. Gode tips til studentar og andre i kvardagen. Ein kan godt knipe inn på dyre vanar og uvanar, og heller bruke litt ekstra nokre dagar, så ein merkar skilnaden.

    SvarSlett
  2. Veldig bra tips, og takk for anbefaling av boka mi. :-) Vi har levd med brødbakemaskin i Oxford no i to veker, og elskar det! Har du modellar du vil anbefale viss vi skulle bestemme oss for å kjøpe oss ei slik?

    SvarSlett
  3. Eg slit på den tredje store Wilfa Brøda vert store, men normal fasong. Høgda kan du bestemme sjølv. Før bakte eg eit brød etter skuletid og eitt om kvelden. No bakar eg stort sett berre om kvelden. Eg legg ein handduk over brødet. Vi let den ikkje stå på om natta. Til matpakkar må ein ha kaldt brød.
    Studenten fekk den mindre utgåva av same merke.
    Elles synest eg det er greit å ha den største med 4 1/2 dl væske. Akkurat passeleg til ein (ei plate)rundstykkedeig, bolledeig eller eit par pizzadeigar.
    Viss du lagar ein deig først og brød etterpå, vert det ikkje oppvask ...
    Elles merkar eg stor forskjell på den første utgåva som eg fekk for 11 år sidan, og den siste som er nesten ny. Den gamle likte best å lage fine brød, den nye bakar grove brød utan problem.
    Eg ville ikkje ha vore utan ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...