mandag 15. august 2011

Frå årestove til peis

 Fram til 1700-talet var det vanleg med årestover. Ein hadde ein open eldplass midt i rommet, og ei luke i taket der ein kunne sleppe røyken ut.
Her ser de at ein kunne late att luka, eller ljoren som den vart kalla.
Seinare bygde ein peis og skorstein.  Gryta hang eller ein kunne sette ho bort på glørne. Her heng vogga i taket.
Ein kan omtrent tenkje seg kor tett folk budde.
Her har ein nok hatt betre råd, men vogga og senga er ikkje langt frå eldstaden.
Kva med brødbaking?  Slik eg forstår det, skjedde dette i eldhus med murte steikomnar.  Men slike omnar hadde ikkje alle. Nokre fann på å lage grytebrød, eller grytekake som dei kalla det.  Andre steikte brød mellom to takker.  Men mjølet var ikkje alltid godt til brød, så det vart mykje grauteting.

Bilda er frå Maihaugen.

4 kommentarer:

  1. Mamma fortalde at dei ikkje hadde komfyr då ho var lita, men at besta kokte i grua. Ho laga også grytebrød der.Elles gjekk det mykje i graut og flatbrød.Eg kan ikkje gå god gor at dette stemmer,men mormora til mamma hadde i alle fall ikkje bakaromn, for mamma fortalde at ein gong bestefar hennar hadde vore på Sandane kjøpte han brød hos bakaren der, og gøymde dei då han reiste heim att med hest og kjerre.Folk skulle ikkje ha det å seie at han hadde sløsa vekk pengane på kjøpebrød om det skulle gå skeis med økonomien hans. I min barndom på Eid, var det mest vanlig å kjøpe brød hos dei tre bakarane vi hadde der. Og det var nydelige brød som dei bar ferske inn i butikken heile dagen etter kvart som dei vart ferdige. Best likte vi brøda til Andersen, det vart sagt at dei var best fordi han fyrte med ved. Bakar Alsaker hadde den beste loffen, og langebrøda var best hos Smørdal & Rasmussen.Og fekk vi uventa gjestar, fekk eg ei krone med mamma for å kjøpe herlige wienerbrød hos Andersen. Då fekk eg ti store, gode,varme wienerbrød med heim. Det var tider,det! Elektrisk komfyr fekk vi først i 1953, men vi baka ikkje ofte brød sjølve.Det lønte seg ikkje ein gong.

    SvarSlett
  2. Dette stemmer med det eg har lese. Eg har tenkt at det var mi oldemor som var den første med bakaromn. Dei som hadde korn/mjøl sjølve, leverte gjerne mjøl til bakaren og fekk brød attende. men det var ikkje alt mjøl som var eigna til brødbaking. Ei anna nyvinning var natron. Då laga dei flate brød på plata/ei helle. Natronkaker. Brød vart gjerne kalla kaker.

    SvarSlett
  3. Har lyst til å lære meg tvebanstrikk. Hvor får jeg tak i slike oppskrifter. Har spurt på husfliden,men der hadde de ikke hørt om tvbandstrikk

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...