torsdag 25. august 2011

Bruktfunn og dagens spørsmål

 Nei, eg har ikkje vore på bruktbutikk.  Eg treng ikkje å gå lengre enn ned i matboda før eg finn brukte saker og ting. Det er der eg burde ha vore no, forresten.  No har vi installert to nye hyller til, så det skal bli muleg å kome i hamn med ryddinga.

Denne emaljerte panna har vore svigermora mi si. Slike panner er vel blitt moderne igjen?
Kva er dette, og kva vart denne mjølkespannliknande bøtta brukt til?  Kanskje det er så enkelt at ein kjøpte mjølk i ho? Den rommar meir enn ein liter.  Kanskje nokon av blogglesarane veit?

6 kommentarer:

  1. Heile min barndom kjøpte vi melk i spann på meieriet.På meieriutsalet hadde dei store kummar med sur og søt melk og fløyte. I melkekummane var der litermål, mens fløyten vart målt opp i desiliter.Til fløyten kunne vi t.d. ha med å oss Norgesglas e.l.
    No veit eg ikkje kor stor spanna/bøtta di er, men den vanlegaste storleiken på melkespann var vel 2-3 liter. Dropsspann frå butikkar som selde drops i laus vekt, var ettertrakta mjølkespann. Hugs at i denne tida var det ikkje mykje å få kjøpt i butikkane.Då det kom nytt meieri på Eid, kom mjølka inn i butikken i rør. I enden på røret var ein hendel som ein drog frå side til side,for kvar dreining kom det ein liter mjølk i spanna.Reknar med at kusina di på Eid veit mykje om dette.

    SvarSlett
  2. Vel ein liter tek denne. Det står Høyang på den.

    SvarSlett
  3. Så fin gryte!
    Og slike små melkespann var heilt vanleg før.
    Oppvokst på eit småbruk veit eg litt om slikt :-)

    SvarSlett
  4. Det første eg kan hugse vi kjøpte mjølk i, var plastposar. Eg hugsar at bestemora, Bolla, på nabogarden vaska dei og hengte dei til tørk på ei snor utanfor inngangen. Vi budde i huset på ein nedlagt gard/revefarm.

    SvarSlett
  5. Hugsar du ikkje melkeflaskene? Dei fantest også i tida på Melle.Plastposane var veldig greie å få plass til i kjøleskapet, aberet var at det var lett å stikke hol.Eg tok aldri vare på dei etter bruk, men dei var sikkert greie til fryseemballasje. Eg likte flaskene godt, men dei måtte vaskast før ein kunne levere dei i retur.Flasker var sikkert det mest "miljøvennlige".

    SvarSlett
  6. Eg hugsar ikkje mjølkeflasker i bruk, men eg ser dei for meg, og eg har ei i skåpet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...