onsdag 15. juni 2011

Treng ein stavmiksar?

 Slike spørsmål får eg av og til.  Nokre greier seg utan maskiner, medan andre berre treng ei lita unnskyldning for å kjøpe seg ei ny.  Stavmiksaren bruker eg mest til å jamne supper.  Sommarhalvåret vert den brukt til krydderurter.
 I dag stod det pastasaus på menyen.  Månadens coop-kupp er kyllingkjøtdeig ein får attpå fullkornspenne.   Eg tok inn eg oregano og kvitløk frå hagen.  Basilikumpotta mi var tom.  Her får ein ta det ein har av urter. Først hakkar eg dei.
Etterpå har eg litt tomatsaus i og køyrer stavmiksaren til eg har ein jamn saus.  Dette set ein ekstra god smak på pastasausen.  Kyllingkjøtdeig treng eit ekstra løft.

Ein kan sjølvsagt lage små porsjonar barnemat i stavmiksaren, gjerne av litt dei av det resten av familien et, sjølvsagt før ein saltar maten.   Viss nokon i familien ikkje liker løkbitar eller paprikabitar, er det berre å mose dei i maskina.  Halvstore born er ofte skeptiske på konsistens, men ikkje på smak.

1 kommentar:

  1. Eg må innrømme at eg bukar stavmiksaren min veldig sjelden.Sist eg hadde den framme var då eg laga majones.Men så lagar eg ikkje så veldig mykje mat heller.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...