onsdag 1. juni 2011

Brilliant

 Denne filmen har fleire bloggarar sett på kino, og alle har vore samstemte:  Denne filmen vil dei anbefale alle å sjå.

Her i huset er vi treige å kome oss på kino.  Det vert ofte til at vi ventar til filmane kjem på DVD.  Denne gongen trong vi ikkje vente så lenge.  Studenten hadde filmen, som han hadde bestilt frå England, med seg heim.  Filmen har ikkje kome til Norge med norsk tekst enno.  Eg liker å sette på engelsk tekst, og då er det ikkje noko problem med språket.

Studenten  hevda at det er den beste filmen som har blitt laga sidan Forrest Gump og Frihetens Regn (1994).Sjølv vil eg seie at det er ein av dei beste fimane eg har sett. Skodespelarprestasjonane er framifrå.

Dronningmora hugsar vi godt.  Vi vaks opp med å høyre om Wallis Simpson, den fråskilde amerikanarinna som gjorde at kong Edvard VIII abdiserte, og den yngre broren Georg VI tok over trona.  At han hadde nazisympatiar, var nytt for meg.







Edvard VIII
Wallis Simpson
Georg VI, gift med Elisabeth.  Far til noverande Queen Elisabeth.  Heilt sidan han var 4-5 år var han plaga med stamming.  Som prins hadde han ikkje problem med dette. Ein del halvhjerta forsøk vert gjort med ulike stemmepedagogar.  Men når det ligg an til at han kan bli konge, får kona tak i ein ny.  Det er forholdet mellom desse to som vert så godt skildra i filmen.  The King's speech er talen kongen held til folket i 1945 då England  går til krig mot Tyskland.

Det er berre ein ting å seie: Denne filmen bør alle få med seg!

3 kommentarer:

  1. Det var denne vi såg på siste Seniorkino- og film ER best på kino. Denne var fantastisk.
    Neste Seniorkino er 15.juni-då skal vi sjå "Saras nøkkel" etter boka av same namn. Minner om at Seniorkino er for ALLE uansett alder. Skilnaden er at det er på dagtid, og lyden er mindre sterk enn vanlig.

    SvarSlett
  2. I ein travel kvardag, så vert det litt tungvint å bestille billettar, køyre til og frå og sette av tid til ein heil film. Det kjem lett ein forballkamp i vegen. Er eg trøtt, sovnar eg lett, så det er krevjande ;-)

    SvarSlett
  3. Thanks for ones marvelous posting! I actually enjoyed reading
    it, you are a great author. I will always bookmark your blog and
    will eventually come back in the foreseeable future. I want to encourage
    you to continue your great writing, have a nice day!


    My webpage; major league baseball

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...