tirsdag 24. mai 2011

Bok 27: Innsirkling

Denne romanen har vunne både Bragepris og EU sin litteraturpris.

Oppbygginga er enkel og genial.  Ein person har mist hukommelsen.  Tre andre skriv brev til han om livet hans.  Desse breva inneheld historia til hovudpersonen og andre rundt han sett frå ulike synsvinklar.

Som lesar vert vi ikkje heilt kloke på kva som er sanninga. Slutten på boka, som nok ikkje er slutten på forteljinga, set krona på verket.

No vil eg prøve å sikre meg oppfølgjaren!

Eg har kome til at eg må vere litt mindre kritisk til språket, eller rettare sagt rettskrivingsnormen, i nynorskromanar.  Eg må prøve å ikkje irritere meg over bokmålsord som spise.  Og eg må prøve å ikkje ha for strenge krav til samsvar.  Når ein skriv høre,kjøre og fortsette, så vert det feil meg mogleg og sitje, meiner no eg.  Viss dette hadde vorte lese på dialekt der desse formene er naturlege, kunne det fungert.  Men her er det bokmålsfolk som les, og bokmålsfolk les på sitt vis.  Dei les sveite i staden for sveitte til dømes.  

Eg var inne på Bokkilden og gav 6 stjerner.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese to av dei tre bøkene i trilogien-med lang tid imellom, noko som er uheldig.Hugsar ikkje om Skråninga var første boka i trilogien, eller om det var ei frittståande bok av same forfattaren. Språket er greitt nok for meg, det er dialektnært, men ikkje dialekt. SPISE har eg sagt for det meste heile mitt liv, det var vanlig der eg budde.

    SvarSlett
  2. Nynorskbrukarar meiner dei har ein rett til å skrive som dei snakkar ... Eg synest dei kan bruke ordlista. I bokmåk får ein vel ikkje blande riksmål med radikale former, eller skrive nynorskord?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...