Det er vel ikkje berre i mitt kjøleskap at det finst slike små inntørka kvitløksbåtar som har begynt å spire? Då er det berre ein ting å gjere: Gi den eit nytt liv i hagen. I dag fann eg ein frå i fjor som har vakse seg høg. Den fekk sette smak på pastasausen i dag. Stilken får og vere med i gryta. Viss kvitløken hadde fått vore i jorda til i haust, ville den ha fått fleire fedd. Eg set gjerne desse kvitløksbåtane mellom andre plantar og rundt rosene.
Eg kjøper nesten berre heile kvitløkar-utan fedd, dei er mildare i smaken, så eg kan ha i meir(trur det er sunt, veit du). Ein gong stakk eg kvitløkbåtar ned i blomsterpotter inne; både kvitløken og blomstrane likte det godt-men det stinka kvitløk i stova!
SvarSlettEg har planta slike og, då kjem det nye løkar oppetter stilken.
SvarSlett