mandag 23. mai 2011

Fri dag, men ikkje fridag

Det var nokre åttandeklassingar som ville diskutere kva det er å vere fri.  Kan ein vere 100% fri?  Det er ein lang filosofisk diskusjon utan fasitsvar.  

Denne helga har eg følt meg fri.  Det er første helga sidan lenge før påske eg ikkje har hatt rettingsbunkar i sekken.  Ikkje har eg hatt førebuingsmateriell til eksamen heller slik som førre helg.  Ei slik fridomskjensle gjer ein lett til sinns.  Ein får overskot til ein bytur ut på ettermiddagen til dømes.  Ein får legge tankar om munnleg eksamen til side nokre dagar.
Ærendet var som vanleg å levere ei bok på biblioteket.  Ei ny vart med heim.  Serviettsamlinga mi vart utvida på ein butikk der det var 50% på alle varer.
Plantesamlinga mi vart utvida på ein butikk der alle amplar var 100 kroner.

 Om nokon stikk oppom, får dei lov å ta ein liten avleggar ...



2 kommentarer:

  1. Trur ikkje eg har lese den boka.
    Eg har for så vidt fri kvar dag, men det er alltid noko å gjere for den som vil.

    SvarSlett
  2. Eg fann boka på datamaskina, men eg har ikkje lese ho.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...