mandag 2. mai 2011

Sniglegift



Eg får starte med eit oversiktsbilde.  Kugjødselkomposten har ikkje rikka seg ...  To sekker var rett nok vekke før førre bilde.
Det var ikkje så lett å stille skarpt på vatnet.  Men då katten ville smake, stilte det skarpt!  Eg henta sjølvsagt friskt vatn til Lucy.  Væska var mykje blankare og slett ikkje uappetittleg slik eg hadde sett føre meg.  Eg fordelte den på fire plastskåler som eg grov halvvegs ned.  Aller helst bør ein finne sniglar, klippe dei i to og la dei ligge i gifta, for så å legge desse ut til åte.  Det er den mest effektive måten å bli kvitt dei på.  Eg fann tre iberiasniglar på under 5 minutt.  I den fjerde skåla kan det hende det vart lagt ein annan art.
Denne mørkeraude peonen har vore ein gjengangar på gamlebloggen.  I fjor kom den seint.  I år får vi sjå om den kjem til 6. juni.

P.S:.
Neste gong dei sel gift utanfor biblioteket på Hareid er 9. mai klokka 19.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...