2. mai kl. 18.00 Snegleaksjon. I Hareid og Ulstein. Møtestad på Rådhusplassen i Ulstein kvar 14. dag (partal veker). Salg av Nemaslug. Ta med bøtte og penger. Hageselskapet Hareid og Ulstein.
Eg vil berre oppmode alle hageeigarar om å slutte opp om aksjonen slik at vi vert kvitt desse ekle vesena. Til no har eg sett berre ein i min hage i år, det er ein for mykje, så eg kan ikkje satse på at frosten har tatt knekken på dei. Biblioteket er ope til 19 i morgon, så her kan ein slå to fluger i ein smekk.
Bilde over er av ein primula eg fekk i byte mot ei rot av ein rosa eg gav vekk. Den sette eg i ei krukke så lenge, for her er typisk maiver med sol og vind, ikkje noko godt omplantingsver.
Brunsniglar hra eg ikkje sett i år, men i går såg vi ein sommarfugl av den mest vanlige typen(admiral) og i dag såg eg ein sitronsommarfugl. Sol og tørke er ikkje godt maiver i det heile tatt, men herlig å få sole seg. Nydelig primula, håper den formeirar seg.
SvarSlettI følgje tidlegare eigar, så formeirar den seg raskt. Katten jaktar på sommarfuglar. Altanver her i dag. Eg gjekk Rotaryråsa i dag, og det bles godt, ja.
SvarSlett