tirsdag 3. mai 2011

Bok 22: Dypet

Det var heilt tilfeldig at eg begynte å lese denne boka.  Første CD-en låg på MP3-en fordi den nekta å la seg slette ein gong i sommar.  Den boka eg heldt  på å lytte til, tok brått slutt.  Så eg begynte å lytte utan å ha sett meg inn i kva eg las.  Eg trudde det var ein ny roman, og forstod ikkje kvifor handlinga var lagt til 80-talet.  Men det var berre første delen!

No må eg og legge til at grunnen til at eg i si tid ikkje gadd å lese boka, var at eg hadde lagt frå meg ei bok av forfattaren to gonger.

Så då skjedde det som ofte skjer når ein er negativt innstilt, ein vert positivt overraska.  Først opplever eg den som typisk "krim for mannfolk", men så vart eg dradd inn i handlinga, og det vert så spennande at eg bruker berre eit par-tre dagar på lyttinga.

Handlinga er lagt til Nordsjøen, og problematikken kring nordsjødykkarane er eit av problema som er tatt opp.  To oljeriggar vert senka. Den kalde krigen pågår, og det dukkar opp spionar og ulike kriminelle.  Boka er med andre ord full av action.

Dette er grei underhaldning. Eg klikka på fire stjerner. Les gjerne meir her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...