søndag 29. mai 2011

Mimring

 I dag har vi skrive inn frøkna til konfirmasjon neste år.  Eg har gjort eit arbeid som berre måtte gjerast, eit arbeid som krev hardt tankearbeid.  Eg har begynt å ta tida på den type arbeid.  I dag tok det tre timar.  Teorien min er at ein ofte brukar for mykje krefter til å "manne seg opp" til å gjere enkelte ting.
 I CD-hylla fann eg fleire CD-ar med gamle bilde som det er lenge sidan vi har sett på.  For sju år sidan samla vi slekta her til fellesfeiring.  Eg håper vi får til noko liknande i langhelga.
Ein kan sjå at søsken både er like og ulike!


2 kommentarer:

  1. Kva med søskenbarn? Eg synest dei to jamaldringane var ganske like.

    SvarSlett
  2. På denne CD-en var ikkje dei jamgamle saman. Dei kunne gått for å vere tvillingar på den tida.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...