fredag 27. mai 2011

Fredag

I dag var det ein storbloggar på Frukost-TV.  Ho har slutta i jobben sin for å blogge på heiltid.  Berre bildetakinga tek mykje tid.  Ho ber alt ut for å få godt lys.

Vi småbloggarar skriv gjerne om dei andre hobbyane vi syslar med attåt full jobb.  Bilda vert gjerne tatt i full fart på kjøkenbenken eller på den blårutete voksduken som har sett sine beste dagar.  På den måten lagar det seg noko å blogge om kvar dag.

I dag har eg vaska og handla.  No tel eg på knappane kva eg skal ta tak i:
- Matlaging: Studenten kjem heim frå Oslo på sommarferie i nitida.  Kva med ein yndlingdrett etter bussturen?
- Hagestell: Det hadde vore kjekt å fått skvåsjen i jorda!
- Strikking: Det får vente til kvelden!
(Klesvask og oppvask er vel ikkje akkurat hobby, men må gjerast.)
- Lesing: Det gledelege er at lytting av lydbok kan kombinerast med alt over.
- Fotballkamp? A-laget spelar kamp. Eg har vore og sett frøkna før i veka.  Og eg må vel kallast fineversupporter.

Viss eg ikkje sit og bloggar, så kan eg rekke over fleire av desse aktivitetane!
Ha ein fin fredag!

2 kommentarer:

  1. Synest det er dumt når det går prestisje i blogginga. Eg bloggar KUN for å halde kontakten med slekt og venner. Og så hjelper bloggen meg å hugse t.d.bøker eg har lese, turar eg har vore på osb. Bilda eg berre ein enkel illustrasjon. Lat oss halde oss på jorda, det skal ikkje konkurrerast i alt.

    SvarSlett
  2. Cupcakes på heiltid hadde vore straffearbeid for meg. Men eg trur ho held kurs også.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...