tirsdag 10. mai 2011

Grand Prix-kake

Brød og korn er ei av favorittsidene mine.  Eg bruker å kike innom etter nye idéar.  I dag har dei lagt ut oppskrift på ei Grand Prixkake.  Kaka såg god ut, men eg trur eg hadde droppa lakrisen.

3 kommentarer:

  1. Passar med ei brun kake til MGP i år. Haba haba!

    SvarSlett
  2. Eg smakte småkaker til jul med lakris i, det var kjempegodt. Kunne godt tenke meg å prøve dette, men for ei kaloribombe!
    Har du lese boka Høytleseren? Eg byrja høyre på den i kveld, fasinerande.
    Anna spørsmål: Eg blir så fortvila over norsk-verket vårt på skulen, Zeppelin. Det er tydeleg direkte oversett frå bokmål. Ved innføring av substantiv, var "huske" eitt av orda. Spørsmålet gjeld eigennamn, og blomar, bilar m.m. Er det verkeleg eigennamn? Lærarrettleiinga er uklar på dette. Eg skriv no ein tulipan, men heiter det ein smørblomst, ein Opel, eller ein opel? Eg er litt forvirra.

    SvarSlett
  3. Eg har ikkje lese Høytleseren - enno.
    I følgje forfattaren her vert det brukt både stor og liten bokstav i Opel. For å vere på den sikre sida, bruk stor. Blomster med liten.
    Eg kan sjekke grammatikkboka vår på jobb.Sjekk: http://www.korrekturavdelingen.no/K4EgennavnFellesnavn.htm

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...