I ei kort oppsummering handlar denne boka om å vere frikjent for mord, men ikkje utanfor mistanke. Etter å ha hatt dette hengande over seg i fem år, reiser hovudpersonen attende til heimbyen for å finne ut kva som verkeleg skjedde.
Adam Chase var vitne til at mora skaut seg. Småbyen vil at faren skal selje jorda si, for byen treng straum, og eit atomkraftverk er løysinga.
Det er mange hendingar i romanen, men det vert og stilt ein del allmennmenneskelege spørsmål.
Les gjerne meir her, og les boka!
Synest der er stor likskap mellom forfatterane John Hart og Harlan Coben i det at begge er opptekne av moralske spørsmål i samband med brotsverk, og i det at dei fokuserer mykje på forholdet mellom foreldre og barn.Det er gode bøker, men som krim kan det bli litt for mykje moralisering. Eg likte "Ved elven", men eg likte betre "Det siste barnet".
SvarSlettEg og synest dei er like, men eg liker Coben betre, og så kan du no gisse kva bok eg har begynt på ...
SvarSlettNeste bok skal ikkje vere krim, trur eg ...
Ikkje vanskelig å gjette. Tilgi meg. Såg du hadde lånt den.Say no more.
SvarSlettEg har lese ein CD allereie, ja!
SvarSlett