søndag 1. mai 2011

Kamp mot brunsniglar

Eg ser i avisa at hagelaget  skal selje middel mot brunsniglar.  Middelet kostar 30 kroner, og ein må ha med ein boks med lok.  Salsstader skal vere rådhusplassen, eller utanfor biblioteket i Hareid. Eg fann ingen annonse i avisa, så eg satsa på at dei har ei nettside.  Det einaste eg fann var dette:


2. mai kl. 18.00 Snegleaksjon. I Hareid og Ulstein. Møtestad på Rådhusplassen i Ulstein kvar 14. dag (partal veker). Salg av Nemaslug. Ta med bøtte og penger. Hageselskapet Hareid og Ulstein.

Eg vil berre oppmode alle hageeigarar om å slutte opp om aksjonen slik at vi vert kvitt desse ekle vesena.  Til no har eg sett berre ein i min hage i år, det er ein for mykje, så eg kan ikkje satse på at frosten har tatt knekken på dei. Biblioteket er ope til 19 i morgon, så her kan ein slå to fluger i ein smekk.

Bilde over er av ein primula eg fekk i byte mot ei rot av ein rosa eg gav vekk.  Den sette eg i ei krukke så lenge, for her er typisk maiver med sol og vind, ikkje noko godt omplantingsver.

2 kommentarer:

  1. Brunsniglar hra eg ikkje sett i år, men i går såg vi ein sommarfugl av den mest vanlige typen(admiral) og i dag såg eg ein sitronsommarfugl. Sol og tørke er ikkje godt maiver i det heile tatt, men herlig å få sole seg. Nydelig primula, håper den formeirar seg.

    SvarSlett
  2. I følgje tidlegare eigar, så formeirar den seg raskt. Katten jaktar på sommarfuglar. Altanver her i dag. Eg gjekk Rotaryråsa i dag, og det bles godt, ja.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...