torsdag 19. mai 2011

Kvitløk

Det er vel ikkje berre i mitt kjøleskap at det finst slike små inntørka kvitløksbåtar som har begynt å spire?  Då er det berre ein ting å gjere: Gi den eit nytt liv i hagen.  I dag fann eg ein frå i fjor som har vakse seg høg.  Den fekk sette smak på pastasausen i dag. Stilken får og vere med i gryta. Viss kvitløken hadde fått vore i jorda til i haust, ville den ha fått fleire fedd.  Eg set gjerne desse kvitløksbåtane mellom andre plantar og rundt rosene.

2 kommentarer:

  1. Eg kjøper nesten berre heile kvitløkar-utan fedd, dei er mildare i smaken, så eg kan ha i meir(trur det er sunt, veit du). Ein gong stakk eg kvitløkbåtar ned i blomsterpotter inne; både kvitløken og blomstrane likte det godt-men det stinka kvitløk i stova!

    SvarSlett
  2. Eg har planta slike og, då kjem det nye løkar oppetter stilken.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...