tirsdag 11. august 2015

Miljøvennleg?

 
 
 
Når eg har lagt meg inn på hotell, synest eg at eg har kosta på meg litt luksus.  Eg nyt frukosten og sørvisen. Heime unner eg meg alltid ein rein handduk når eg dusjar.  Derfor nektar eg å få dårleg samvit når eg vil ha reine handdukar på hotellferie!  det er greitt at dei informerer om kvar ein skal gjere av handdukar ein vil ha vaska, og kvar ein skal gjere av dei ein ikkje vil ha vaska.
Men ein treng ikkje drive kjenslemessig utpressing!
Dei vert meir og meir kreative!
 
Sidan eg gjerne vil vere miljøvennleg, har eg tenkt at eg kan begynne heime! Til jul hadde svigerinna mi kjøpt oss eit fint rosa badsett.  Vi damene bestemte oss for å skifte badfarge.  Victoria's Secret-stæsj var sett fram mellom anna.  Etter det har eg kjøpt nokre rosa handdukar på 50 % på Prinsess.  Så kjem det store spørsmålet: Kor store treng handdukane å vere? Skiftar ein dei oftare om dei er 40 x 60 i staden for 50 x 70?  Eg trur ikkje det!  Om ein liker store badehanddukar som eg, treng dei ein bruker dagleg vere så tjukke?
 
Det er kanskje berre dropar i havet?
 
P.S
I Nice fekk vi både handdukar og badematte kvar dag - utan åtvaring.
 
 


7 kommentarer:

  1. Vi som vaks opp utan vaskemaskin og bad, har kanhende drege med oss eit lite spareprinsipp. Eg har ein stor badehandduk rundt skuldrane, den brukar eg om att. Men så brukar eg ein mindre hadduk å tørke meg med, og den går på vask, etter ein gongs bruk. Dette gjer eg ikkje for å redde verda, men fordi eg ikkje synest eg treng bruke meir handdukar enn det eg gjer. Små og tynne haddukar tek mindre plass i vaskemaskina, så på den måten er det praktisk. Eigentleg meiner eg at alle får gjere som dei vil.

    SvarSlett
  2. Eg ser her på hytta at alle likar dei store, ikkje av dei tjukkaste, kjøpte på Nille til halv pris for nokre år sidan.
    På hotell kjenner eg også litt på denne "åtvaringa", men eg vil ikkje bruke badehandduken fleire gonga.
    Heime bruka eg den meir enn ein gong, tenkje miljø der.

    SvarSlett
  3. Eg tenker at når jeg har badet/dusjet, så er jeg ren og behøver ikke
    å bruke nytt håndkle hver gang. Men ikke så mye pga miljø, men
    fordi da ungene bodde hjemme var det mer enn nok klær å vaske
    Så kanskje ren og skjær latskap, hehe. Nei selvsagt også fordi vi
    her nord har så god tilgang både på vann og strøm så vi tenker
    nok ikke så mye over miljø. Jeg tenker i hvert fall mest praktisk.
    Men er veldig flink til å sortere søppel, hehe
    Ha en herlig dag :)

    SvarSlett
  4. Litt unødvendige disse advarsler synes jeg!

    SvarSlett
  5. Og det ein vil spare er vel utgifter til vask ...

    SvarSlett
  6. Veldig bra innlegg!
    Ein behøve ikkje sløse, men hotell er luksus og noko ein ikkje er på kvar veke.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...