lørdag 20. juli 2013

Trist dag

I dag er bygda råka av ei stor sorg.  To unge menn har mista livet i ei trafikkulykke.

Vi har fått informasjonen gradvis i dag.  Eg reknar med at aller mødrer og fedrar gjer som meg; søker kontakt med sine.  Journalisten var observert på veg mot ulykkestaden.  Eg fekk sendt han ei melding, og det viste seg at han var på jobb, slik eg trudde. Så veit ein at to familiar ikkje får svar.

Eg kjenner til omtrent alle unge menn i bygda, og sannsynet for at det var tidlegare elevar av meg, er stort. Det har vist seg å vere rett. No går tankane til foreldre og søsken. Ord vert fattige når tragedien rammar. Dette er berre så ufatteleg trist.

4 kommentarer:

  1. Dette er vel alle foreldres verste mareritt-at noko slikt skal skje med barna. Eg føler med dei, om eg ikkje kjenner dei.

    SvarSlett
  2. Inderleg vondt. Har søner på same alder sjølv...
    Og dei har igjen venner som var venner med dei.
    Verda er ikkje så stor.
    Mi djupaste medkjensle til dei som er råka og
    alle som kjende dei ♥

    SvarSlett
  3. Det er ofte slik at vegane mellom mennesle kryssar kvarandre fleire gonger i livet. Eg kan ikkje utbrodere dette, men berre seie at eg har inderleg vondt av dei. Framtida deira er endra. Dei går ei tøff tid i møte.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...