onsdag 24. juli 2013

Når sola går ned i vest - eller kunsten å late seg

Vi har ikkje sett mykje til sola etter at vi kom heim frå Italia.  Så når ho kjem, er det berre ein ting å gjere, nemleg å få flest muleg timar ute. Eg har som mål å gjere minst muleg.  Det vert laga enkel mat, men litt hagearbeid er kjekt i varmen. Midt på dag fann eg ut att stovegardinene hadde hatt godt av ein runde i vaksemaskina. Mot kvelden har eg vaska eine stoveveggen, den med vindauga på. 

Osloavisene har snakka om den beste sommaren på lenge.  Det har vore ei hån mot oss i nordvest - men kanskje ikkje likevel? Vi kan håpe på ei veke eller to til med sol og varme ...

"Ungane" fer i kvar si retning.  Ein jobbar dag, og ein jobbar kveld.  Journalisten var av dei som fekk visum.  Han er trygt framme i Aktobe. Ein får tru at all PR er god PR.  Hødd held vel tann for tunge til dei kjem heim

I hagen er det litt stillstand no. Peonane visnar medan rosene ikkje har kome enno.  Dei mest hardføre har overlevd, og merkeleg nok er potterosene av dei.


4 kommentarer:

  1. Fineveret er livgivande og får oss til å gløyme at det har vore annaleis. I går låg skodda tett rundt oss her på utsida, men i dag er det historie...
    Det er nok spennande å vere i Aktobe. Såg fine bilde frå han i VV nett. Me startar i morgå med nokre stopp før Oslo og Norway Cup. No er det barnebarn som er i sving. Gler meg :)

    SvarSlett
  2. For første gong på mange år skal vi ikkje på Norway Cup. Frøkna hadde tilbod frå laget under, men takka nei. Kos dykk! Heia Hødd!

    SvarSlett
  3. Dama på blomsterbutikken sa at ho hadde mist nesten alle rosene sine sist vinter.dei som overlevde var potterosene. Eg har planta fire potteroser og ei anna rose i år. Dei som overlevde her var klatrerosene.

    SvarSlett
  4. Vi trengte nokre slike dagar ja!

    Og heia Hødd uansett ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...