søndag 21. juli 2013

Italienske brød

 Blogglesarane trudde kanskje eg hadde vore på ein ferie utan å kjøpe kjøkenhandduk eller kokebok? Sjølvsagt ikkje!  Handduken viser brødsortar som vert baka i dei ulike distrikta.  Dagen etter at eg hadde kjøpt ein til meg sjølv, gjekk eg attende og kjøpte ein til den brødbakeinteresserte venninna mi.  No har vi begge ei utfordring!

Kanskje nokon som les bloggen veit?
Kokeboka er skriven for eit engelsk publikum.  Ein kan til dømes lese at det er vanskeleg å få tak i fersk gjær. Det kan ein finne på helsekostbutikkar!  Skal tru om "fast action dry yeast" er lik den tørrgjæren vi kjøper her i landet?

Og så var det kveitemjølet: Strong white flour skal innehalde ekstra gluten.  Tilsvarer det norsk kveitemjøl eller finbakst?  "00" flour.  I Italia graderer ein mjølet etter kor fint det er "00" er det finaste og skal brukast til  pasta og kaker.  Plain flour skal ikkje brukast til brød, men til kaker, for det inneheld lite gluten.  Self-raising flour ser ein ofte i engelske og australske kokebøker.  Å blande bakepulver i mjøl, det greier ein vel sjølv! Om nokon har baka i England eller Italia så er eg glad for kommentarar!

Eg tenkjer at kunsten er å ikkje la seg stoppe om det er ein ingrediens ein manglar.  Boka inneheld mange spennande brød, kaker, pizza og pasta.  Framhald vil følgje ...
Desse brøda kjøpte eg i brøddisken på supermarknaden.  Seinare kjøpte eg halve kjempestore brød.  Etter fire morgonar med italiensk hotellfrukost, var det godt å kunne finne sine eigne favorittar.  Eg vil aldri klage på maten.  Får eg varme wienerbrød og søt kaffi til frukost, så et og drikk eg det.  Ein får skikk følgje eller land fly.
Det eg misunner italienarane mest, er fruktdiskane! I Ostia såg vi fleire grønsakbutikkar med eit stort utval i frukt og grønsaker. Kirsebærtomatane var dei søtaste eg nokon gong har smakt.

3 kommentarer:

  1. I min italienske bakebok PIZZA PANE FOCACCE er det brukt fleire sorta mjøl fra 00 til 2: 00 -pastry flour ,0 blir kalt all-purpose flour og 1-high gluten flour,2-first clear flour!Så er det farina integrale- white whole wheat.
    Men her har vi ikkje så mange valg.På Mega i Vik har dei av og til ekte italiensk mjøl type 00,som eg kjøpte par gangar og laga pasta!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg får sjekke neste gong eg er der! Synd at norske butikkar satsar på ferdige mjølblandingar i staden for råvarer!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...