tirsdag 19. februar 2013

Vår inne, vår ute?

 I dag har vi hatt sol her, berre unnateke ti minutt då eg var ute og skulle fotografere.

Blogglesarane hugsar kanskje den nydelege fuksiaen eg fekk av systera mi i sommar.  Den har stått kjølig etter at den fekk seg ein lusekur.
 No kjem det nye skot.
 Det er lett å tru at det er vår i hagen og, men der heng vbinteren i.  Eg fann eit par vårteikn. Det er kjekt når slike primulaer ein har hatt inne, overlever neste vinter!
Skal tru om dette er perleblomstrar?  I fjor planta eg ut mange lyseblå.  Mørke hadde eg frå vanlege løkar.  Time will tell!

3 kommentarer:

  1. Vårtegn i februar? Heldige du. Her har vi uker - for ikke å si måneder - igjen av vinteren . . .

    SvarSlett
  2. Det er ei fin kjensle når ein får auge på første spirane ;)

    SvarSlett
  3. Ja, eg kjenner det skal bli godt med vår og lysare tider!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...