onsdag 20. februar 2013

Fjell

I går la ein bloggar ut bilde frå sine fjell.  Her er vårt i dag!  Sola klivrar Melshornet 12. februar, så no kan vi ha sol heile dagen.

Om ikkje lenge skal vi passere Ivar Aasen si heimbygd, der eg har vakse opp.   Vi vaks sjølvsagt også opp med dikta hans.

Dei gamle fjelli
Dei gamle Fjell i Syningom
er alltid eins aa sjaa,
med same gamle Bryningom
og same Toppom paa.
I Bygdom byggja Sveinarne,
og Huset stender laust;
men dei gamle Merkesteinarne
dei standa lika traust.

Paa Fjellom er det leikande
aa ganga til og fraa
og kring um Toppen reikande
so vidt um Land aa sjaa:
til Havet kring um Strenderna
med Skip som Fuglar smaa,
og til Fjelli kring um Grenderna
med tusund Bakkar blaa.

Der er so mange Hendingar
i Bygdom komne til;
me sjaa so mange Vendingar
alt paa eit litet Bil.
Dei hava snutt um Vollarne
og flutt og rudt og bygt;
men dei gode gamle Kollarne
dei standa lika trygt.

So stod dei gjenom Tiderna,
vel mange tusund Aar;
og Graset voks um Liderna,
og Lauvet kom kvar Vaar;
og Vinden tok um Topparne
og Vatnet tok um Fot;
men dei gilde gamle Kropparne
dei toko traust i mot.

Av Hav kom Sjomann sigande
og lengtad' etter Land,
daa saag han Fjelli stigande
og kjendest ved si Strand.
Daa kom det Mod i Gutarne,
som saag sin Fødestad.
Ja dei gode gamle Nutarne
dei gjera Hugen glad.

4 kommentarer:

  1. Sola har klive VÅRT Melshorn for lenge sidan, og vi har også sol heile dagen. Ho varmar godt- inne i alle fall.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi har sol ei lita stund heile året, men den siste toppen skyggar heilt til 12. februar.

      Slett
  2. Dette er Melshornet frå ei side eg ikkje har sett.
    Det skuggar nok for mange dette.
    Artig at du la ut dikt også i dag, eg landa på Anders Vassbotn ;)
    Nyt dagane !
    I morgå er hytteferien over for oss, nydeleg i går og i dag med fine skiturar med borneborna.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...