lørdag 23. februar 2013

Enklare brød

 I år har eg kjøpt berre ei kokebok på Mammutsalet.  Det er ei bok eg har sett på før, men det er skilnad på å kjøpe ei bok til nærare 400 kroner og ei til 129.
 Eg innbiller meg at ideen med desse langheva brøda, særleg grytebrøda, kom frå USA.  Det dukka opp videoar på YouTube.

I Enklare brød er det knaefrie brød som er temaet.  Dei vert steikte på plate eller i form. Her er ein del teori rundt dette.  Oppskriftene er delte i tre
1. Langheva brød.
2. Heve- og brette-brød.
3. Brød som er baka på surdeig.
Dei brøda eg har baka, er i den første delen.  Ein rører saman deigen om kvelden og bakar brøda etter 8-10 timar eller litt meir.  Desse høver godt i helga - også fordi dei ikkje er så grove.
Oppskriftene er på 3 dl vatn, så eg valde nok litt for store former. 1 1/2 liter hadde vore meir passeleg.  Det er viktig å syte for at det er damp i omnen.

Og brøda?  Dei er berre kjempegode!  Eg laga eit med aprikosar og valnøtter.  Saman med ost er dette godt til både kaffi og te.

Eg har tidlegare lagt ut oppskrift på grytebrød her.

6 kommentarer:

  1. Skal sjå etter denne boka. Har ikkje kjøpt ei einaste bok på mammut i år. Men gjorde eit varp i går då eg fann skinnstøvlettar med 70 % avslag! Må vere meir forsiktig no når eg går på 66% løn.

    SvarSlett
  2. Det må vere ein overgang! Brøda i denne boka er bakt med 3 g gjær, så ei kan no spare boka inn att ... Eg liker å variere brødmaten. Der er eit olivenbrød eg pønskar på å lage, men det skal brettast, så då må eg vere heime ei stund.

    SvarSlett
  3. Takk for tips.
    Eg har kjøpebrød denne helga, og det er langt frå godt. Eg var ikkje heldig med valet :(

    SvarSlett
  4. Hei.
    Minner ikke dette mye om Schakenda sine metoder og brød? Gode er de også :)

    SvarSlett
  5. Schakenda sine brød tek også tid. Men der skal ein kna. Desse skal lagast utan maskin - ein fordel for dei som ikkje har kjøkjenmaskin. For meg vert det "Ja takk, begge delar". Det er spennande prosessar.

    SvarSlett
  6. Tusen takk, det må jeg prøve! Ha en herlig lørdagskveld hos deg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...