søndag 27. mai 2012

Rabarbragraut

I dag gjorde eg eit nytt forsøk på å lage rabarbragraut.  Rabarbraen min er svært stor og flott i år, så det gjekk med berre 1 1/2 stilk! Eg tok av det ytterste skalet.  Gjer ein det, vert grauten grøn. Er stilkane små, kan ein bruke dei utan å skrelle dei. I dag vart eg godt nøgd med resultatet.

 Dei som eig ei raudruta kokebok, kan berre ta fram retteblyanten ...

700 g reinsa rabarbra
4 dl vatn

2 dl sukker

2 1/2 ms potetmjøl
litt kaldt vatn

1. Skyl, reins og del rabarbraen i bitar.
2. Kok rabarbraen møyr i vatnet.

Eg ventar som regel med å ha i sukkeret, for etter at du har det i, kokar mat lett over.  Pass på!

3. Ha i sukker.
4. Rør potetmjølet ut i litt kaldt vatn og rør jamninga på i ein tynn stråle.
5. Gi grauten eit raskt oppkok.
6. Hell rabarbragrauten i ei glasskål.  Dryss på 1 ts sukker.

Server med mjølk, fløyte, vaniljesaus, krem og/eller vaniljekrem.

4 kommentarer:

  1. Eg koka rabarbragraut i går, det er sånn "ein gong i året opplevelse"-brukar mykje rabarbra, som eg alltid skreller, og då blir det mykje sukker også. Denne gongen koka eg nokre gamle inntørka vaniljestenger med. Den var godt.
    Elles er det kjekt at gutane har fått augene opp for programmet som vi følgjer tidvis. Akkurat no er det reprise på program vi har sett før. Ein kan godt plukke opp idéar der.

    SvarSlett
  2. Gutane fer på lange fjellturar, så dei treng mykje mat. Då er det kjekt å lage dessertar som dei set pris på. Eg lurer på om stjerneanis hadde vore godt til rabarbra også?

    SvarSlett
  3. åg at Gunda hadde kanel i eit rabarbrafyll til ostekake. Viss ein ikkje overdriv kan ein sikkert prøve forskjellig. Gamle knusktørre vaniljestenger gjorde ikkje desseten MINDRE god i alle fall.

    SvarSlett
  4. Eg vurderte å lage rabarbrakompott med mykje rabarbra og omtrent ikkje vatn - og og gjerne koke inn krafta. Dette ville eg hatt til krem og rabarbrakake ... Viss ein har frose rabarbraen, vil ein vel kanskje ikkje trenge vatn?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...