lørdag 12. mai 2012

Glimt frå dagen

 Konfirmanten utanfor prestestova.
 Det var ingen diskusjon om kva farge vi skulle pynte med!  Her sit dei yngste gjestene.
 Koldtbordet gløymde vi å ta bilde av, men her er kakebordet.
 Sjølv hadde eg berre laga ei Lady Golden Glow-kake, i tilfelle det skulle bli for lite kaffimat. Fordelen med å få kaker, er at det kjem andre kaker i hus enn dei ein vanlegvis lagar.  Det vert feil å framheve ei spesiell, men denne smash-iskaka gøymde seg bak kransekaka. Eg tippar den kjem til å stå på mange kakebord framover.
 Og så må de berre få sjå eit nærbilde av den nydelege marsipankaka.
 Det var ikkje særleg fint fotover i dag.  Dei tradisjonelle familiebilda vart tekne i full fart mellom to regnbyger  , om ein vel å vere positiv.  Dei to siste laurdagane har det snøa, så vi kan vel ikkje klage.  Sola dukka opp mellom måltida.
Det er litt vemodig at den yngste i familien er konfirmert.

6 kommentarer:

  1. Ser dokke har hatt ein vellukka dag. Gratulerer så mykje !
    Nydeleg konfirmant i flott bunad.
    Det sunnmørkse kakebordet er fantastisk, ikkje berre i mengde, men også vakre kunstferdige kaker.
    Og cupcakene som konfirmanten laga er flotte !!

    SvarSlett
  2. En nydelig konfirmant, og litt av et kakebord.
    Ser utrolig herlig ut. Driver å "samler" oppskrifter på kaker til bursdagen min. Syns det er spennende med litt nytt av og til.
    Ønsker deg en god søndag :)

    SvarSlett
  3. Så fine bilete! Smashiskaka har du kanskje oppskrift på? Trur vi har hatt betre ver i dag, ganske fint midt påmdagen, faktisk.

    SvarSlett
  4. Gratulerer med vel overstått konfirmasjon :) Ser ut til at dagen har vore flott!

    SvarSlett
  5. Ja, ein flott dag. Veret kan ein ikkje gjere noko med - ikkje i dag heller for dei som valde søndagen. Det er kjekt å samle slekta.

    Oppskrifta får vi nok tak i. Viss dei som produserer Smash er smarte, trykker dei den på pakken eller legg ut ein link til heimesida si. Eg har ikkje kjøpt smash enno for å seie det sånn. Så eg trur der er eit stort marked.

    Dette med kaker går gjerne i bølgjer. Oreokaka er vel den siste slageren?

    SvarSlett
  6. Ein kjempe fin konfirmant!
    Gratulerer!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...