fredag 25. mai 2012

Folkefest II

Eg har lova blogglesarane nokre fleire bilde frå i går!
 Eg gjekk nedover i 17-tida.  Korpsa spelte då frå scena der det tidlegare låg ein andedam.
 Så marsjerte dei ned mot kaia for å ta imot kronprinsparet med korpsmusikk.  Frøkna er gøymd bak ein annan musikant, om nokon skulle leite.
 Kongeskipet Norge la seg til utanfor moloen.
 Ein sjalupp frakta dei inn til kaia.
 Her kjem dei!

Eg fekk ikkje noko godt bilde av blomsteroverrekkinga. 
 Mette Marit helste på mange av borna på sin veg, mellom anna på ei nabojente.
 Dei gjekk opp til parken.  Der heldt kronprinsen tale før Hareid fekk sleppe til med sine innslag.
 Då dei nærma seg andre gong, let eg fotoapparatet for å sjå dei betre.  Ein kollega fekk handhelse på kronprinsen.  Det såg ut som han valde å helse på flest menn?
Limousinar tok dei med til Brandal. Det var interessant å følgje med alle som stod for sikkerheita.  Alle dei uniformerte politifolka var truleg berre ein del av det heile.

Eg synest det er flott med eit kongeleg besøk.  Mange hadde møtt opp.  Her var både kjende og ukjende fjes, så mange hadde nok kome frå andre bygder rundt her.  At det var varmt og vindstilt, sette ein ekstra spiss på det heile.  Dette var stas!

3 kommentarer:

  1. Ja, veret kunne ikkje ha vore betre! Her inne bikka det +30grader. Eg synest MM er godt kledd.Elles må du sjå på ordet væpna.

    SvarSlett
  2. Meinte uniformerte også! Takk!

    SvarSlett
  3. Innlogga med feil namn der. Ja, ho var godt kledd! Eg gjekk i ermelaus kjole.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...