torsdag 6. oktober 2011

Dagen derpå

 Etter tre dagar med slektsbesøk og middagsgjester, vart det litt tomt med berre oss fire att.
 Riks-TV-boksen begynte å streike i går ettermiddag.  No har vi fått sendt han inn og lånt ein annan.
 I går kom eg meg ut i hagen og plukka ein bukett mellom byene.  I dag kjøpte eg meg ny regnjakke.  Ein lett modell som kan puttast i ein sekk når ein er på tur.
 Dagens husmortips: Etter eit par dagar når ein har sett fram godt brød til alle måltid, kan det verte noko litt halvgammalt til overs.
Eg bruker å sette det i steikeomnen på 100 grader med litt open steikeomnsdør.  Det kan godt hende ein kan bruke varmluft?

Slike kavringar kan ein knuse og bruke på fiskegrateng og anna.  Her i huset går nok ein del til kaninane.

Katteeigaren synest eg gjekk over streken i går kveld då eg tok ei tranflaske som trandrikkaren vil ha erstatta med ei ny, og slo tran over ei brødskive og ga katten. Kvifor skal ikkje katten ta tran, meiner eg. I dag tidleg var i alle fall skiva oppeten, så ein eller annan har fått i seg dei sunne dropane.

I kveld ventar vi studenten heim.

P.S.
For dei som vil vite det, så serverte eg lammefrikassé  i går.  Til dessert var det sjølvsagt karamellpudding.

4 kommentarer:

  1. Hadde nok ikkje kome på å gitt katten tran, men det var kanskje ikkje så dumt... Neste veke er det vår tur til å ha haustferie, og eg gler meg. Håper vi blir heldigare med veret enn kva de har vore. Heilt utruleg kor det regnar for tida. Elin og eg planlegg tur til regnklebutikken i Ørsta....

    SvarSlett
  2. Då skin det vel opp! No har eg nettopp kome inn frå ein liten tur til ære for dytt.no. Veret er verre innanfrå!

    SvarSlett
  3. Eit anna tips med gamalt brød er å lage krutongar av det. Det gjev knallgod smak på salatar og i supper. Dei held seg nokre veker i lufttett glas.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...