søndag 12. juni 2011

Treretters middag

Det var nokon som orda frampå om at no då eldstemann har flytta heimanfrå, måtte vi invitere han på søndagsmiddag.  Han hadde eit oppdrag på Hødd, så det passa fint etter jobb.
Det har vore så mykje snakk om firestjerners middag der kravet er tre retter.  I dag slo eg til med ei enkel, men god aspargessuppe.  (Og det vart rydda ut to glas med asparges frå matboda).
Eg hadde att eit lammelår i frysaren.  Det er for lite når vi har gjester, men er akkurat passeleg til seks personar.
Ei venninne av meg bruker å lage syltetøy av rabarbra og aprikos.  Så i dag laga eg kompott av det.  Ein annan gong ville eg ha kokt aprikosen møyr før eg har i rabarbra som har kortare koketid.  Eg skreller rabarbraen.  Kanskje fargen hadde vorte finare om eg let vere?
Desserten vart servert i glas.  Eit lag aprikos- rabarbrakompott, eit lag Piano vaniljekrem og eit lag krem.  Hermetisk aprikos til pynt.  Sitronmelissen veks i hagen.  Den har overvintra.

P.S.
Dessertoppskrifta skal eg legge ut på eige innlegg slik at den vert lettare å finne att.

4 kommentarer:

  1. Flott Pinsemiddag det der..

    God Pinse :-)

    SvarSlett
  2. Det er litt meir inspirerande å lage mat når ein har gjestar. Dette hadde du sikkert fått teningkast 6 for.

    SvarSlett
  3. TERNINGKAST -irriterande med feil som ein ser for seint.

    SvarSlett
  4. Eg vurderte å la dei kaste terning, men så var det ein som ville gi 2 på desserten. Det hjelpte ikkje å erstatte sviskene med aprikosar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...