torsdag 2. juni 2011

Bok 29: Taushetens konsekvenser

I dag har eg lese ferdig denne såkalla bestseljaren.  Det kan godt hende romanen har selt godt, men nokon stor litteratur er ikkje dette etter mi meining.

Historia er enkel, og det same er moralen: Ein bør snakke om ting.  Folk har krav på sanninga.  Sanninga frigjer.  Hovedpersonen, Adam, grev i si eiga historie og lærer av den.

Språket i boka er enkelt.  Dette er ikkje ei bok for folk som ikkje liker kliséar.  No har eg lese den som lydbok og finn ikkje ordrette sitat, men uttrykk som at sekunder som føltes som evigheter, gjer språket svulstig og, igjen etter mi meining, dårleg.  Eg er ganske eining med denne meldinga, men ikkje om språket.

1 kommentar:

  1. Eg har lese boka, men hugsar lite av den. Det seier vel sitt? Det eg hugsar best er at tittelen passa godt til innhaldet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...