søndag 22. mai 2011

Rabarbradessert

 I fjor laga eg grunnlovsdessert av det vesle eg hadde av rabarbra.  I dag fekk eg lyst til å gjenta suksessen, så eg hausta det eg hadde av rabarbra.  Reinsa vart det 600 g.  Det vart til at eg nesten tredobla oppskrifta.  Sukkermengda dobla eg berre, og det vart søtt nok.  Eg reduserer nok sukkermengda litt til ved neste høve.

Rabarbra- og sviskekompott

600 g rabarbra
500 g/2 pakkar svisker
9 dl vatn
4 dl sukker

1 1/2 dl vatn
3 ms potetmjøl

1. Kok rabarbra og svisker til dei er møyre.  Sukkeret har eg oppi etterpå når eg står ved komfyren.
2. Rør ut potetmjølet i vatnet.  Ta panna til side og ha potetmjølsjamninga i.
3. Set panna attende på plata til du ser at desserten så vidt kokar.
4. Ha desserten i ei skål.
Grunnlovsdessert lagar ein med å legge kompotten lagvis med krem vaniljekrem.

Her i huset kunne ein lage sin eigen dessert i dag.  Vi hadde fløyte, vaniljekrem og vaniljesaus att frå 17-mai.  Når det er oppete, får ein greie seg med mjølk på.

4 kommentarer:

  1. Vi har ikkje begynt å hauste av rabarbraen enno, men i år skal den brukast, for no har vi flytta den opp til garasjen. Du lagar mykje mat, men så er de også mange som et.

    SvarSlett
  2. Det vart ein stor porsjon, men alle her liker alle den, så det går med. Middagen var lettvint: Kotelettar som eg først steikte på panna, så i omnen på svak varme. Poteter steikte eg opp det eg hadde av kokte. Grønsakene var nykokte.

    SvarSlett
  3. Min rabarbara er nesten ikkje å sjå i år...men kanskje i Brandal?
    Grunnlovsdessert er noke av det beste eg veit:-)

    SvarSlett
  4. Eg må i alle fall lage det ein gong i året ... Tenkte eg skulle bake Gunda si rabarbrakake ein dag også. Vi får sjå.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...