mandag 16. mai 2011

Kvæfjordkake - verdens beste?

Eg hadde to alternative overskrifter på dette innlegget: Thank you Tupperware eller Korpset krev kaker. To "festkaker" skal leverast til 17.mai-festen i Hareidhallen.  Eg må innrømme at det er litt mindre inspirerande å lage slike gi-vekk-kaker enn å skulle ha dei heime eller gi dei vekk til ei venninne.  I det siste tilfellet er ein i alle fall sikra skryt.  I går bakte eg to botnar, og i dag fylte eg begge.  Eg følte det låg mykje på skuldrene mine i dag, så eg bestemte meg for å ta tida.  Det tok meg 35 minutt å få desse to kakene inn i Tupperwaretinene.

Mi oppskrift på Kvæfjordkake er frå 1985 i ei bok frå NKL-prøvekjøken.  Den er litt lita med 4 egg.   Så i går fann eg ei ny med 5 egg i Mat på norsk for folk flest av Bjarne Håkon Hansen.  Eg har omsett ho til nynorsk og kome med kommentarar undervegs.

 Botn 
150 g smør
125 g sukker

5 eggeplommer

150 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
5 ms (3/4 dl) mjølk

1. Rør smør og sukker kvitt.
2. I oppskrifta stod det at ein berre har resten i.  Av gamal vane rørte eg inn ei og ei eggeplomme medan eg skilde egga.
3. Fordel denne røra på eit bakepapir.  Eg liker slike "gjenbruk".  Då set ikkje kaka seg fast.

 Marengs


5 eggekvitar
180 g (2 dl) sukker

4. Pisk eggekvitar og sukker til lett og luftig marengs.  Her treng du ei god kjøkenmaskin.
5. Fordel marengsmassen oppå den andre botnen.
6. Dryss over hakka mandlar eller mandelflak som ein får kjøpt ferdig.  Lettvintare pynting finst vel ikkje?
7. Steik kaka ved 175 i ca 25 minutt.


 Fyll
 2 dl kremfløyte
1 pk (5 dl) vanilje- eller romkrem.  T.d. Piano.
(2 ts vaniljesukker) (Eg brukte romkrem, så eg kutta ut det)


8. Pisk kremfløyten og bland saman med rom/vaniljekremen

9.Skjer kaka i to.  Legg fyllet mellom laga.
 Sjølv om det er mange punkt, vil eg seie at dette eg ei lettvint kake å lage.  Og viss ei har ein rund og ei fikanta Tupperwaretine, er det greit å få frakta dei.
 Eg var usikker på kva eg skulle fylle sukkerbrødet med.  Det vart ein pakke Nora aprikoskompott og to boksar aprikosar.  7 1/2 dl fløyte gjekk med.
Viss nokon synest kakebotnane mine er gule, så kjem det av dei gode gardsegga ...

3 kommentarer:

  1. Kvæfjordkaka er snar og lettvint å lage. Men eg har eit sørsmål. Kan ei skjere den i to og fylle den lenge på førehand, eller bør det gjerast rett før servering? Sjølv synest eg ikkje det er så stas med oppbløytt marengs....?

    SvarSlett
  2. Eg meiner den i midten godt kan gå inn i fyllet. Det er ikkje aktuelt for meg å stå og pynte kaker i bunad heller. Der er no mareng på toppen.

    SvarSlett
  3. No ser eg at Sverre Sætre seier i si bok at ein skal ha den nedste botnen opp-ned.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...