lørdag 7. mai 2011

Kven skal bestemme?


I dag har eg levert bunadspakken til ho som skal sy.  Ho ville trenge veskelås og capespenne.  Viss vi ville ha for på capen, så måtte vi skaffe henne to meter stoff.  Ho viste oss ein fora cape med ei lita glidelåslomme på innsida med brodert namn.  Den kunne brukast til mobiltelefon til dømes.  Alt dette fekk eg kjøpr på E-design på Hareid!

Eg har oppdaga at det er ein del val ein må ta undervegs.  Som type er eg ikkje slik at eg tygg lenge på ting.  Eg ser fort kva som er finast - i mine auge.  Eg kjøpte lommelåsen i sølv.  På den stripa de ser på låsen oppe til venstre, kan ein få gravert inn namn, ikkje så dumt kanskje!

Og så var det capespenne.  Der valde eg oksidert sølv utan raud stein.  Begge delar hadde bunadseigaren sett  hos ho som syr og godkjent.

Men så er det dette med søljer.  Her er utvalet mykje større.  Bilda viser berre nokre.  Det vil seie, det har vore vanleg med ein del gull i sølvet til Sunnmørsbunaden, men no gåt moten mot oksidert sølv.  Om ein ikkje har raud stein på capen, kan ein ha det på halsknappen.

Så spørs det kven som skal velje.  Skal ein stole på smaken til fjortenåringen?  Skal ho som betaler gjere valet?  Ein får vel helst verte eininge!

Heldigvis begynte eg å tenke på dette før 17. mai, slik at eg kan studere kva søljer folk har, og gjere meg opp ei meining.  Viss eg no ikkje allereie held ein knapp på ein knapp ...

Blogglesarane må gjerne seie si meining!

P.S.
Dette er søjer frå ein produsent.  Det finst vel fleire ...

3 kommentarer:

  1. Eg skal ikkje blande meg bort i noko som har med bunad å gjere. Ikkje har eg peiling, og ikkje legg eg merke til kva søljer etc. folk har. Det er rett og slett ikkje mitt bord. Synest det er ein god idé å sjå på bunadane til folk på 17.mai.

    SvarSlett
  2. Ja, eg kjem også til å kike på søljene til folk. Her i bygda bruker somme å kombinere med gamle søljer og lage sin eigen variant.

    SvarSlett
  3. Det synest eg ein skal! Men her er lite arvegods i familien, så vi må kjøpe. der er variantar berre i oksidert sølv som ikkje er på bilda. Sikkert nytt og moderne, og dei fell inn i min smak. Men så er det kanskje dumt å kjøpe ei sølje som er for lik mi eiga? På ei anna side har desse meir juglete knappane ein sjarm med si blanding av raude steinar, sølv og gull...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...