torsdag 26. mai 2011

Fugl Fønix

Desse vottane har eg strikka i eit litt tynnare garn som eg fekk av mor mi.  Vottane hadde eg tenkt at ho skulle få.  Sjølv om eg strikka dei på pinnar nummer 3, trur eg dei vart litt for små.  Men kjenner eg henne rett, har ho ikkje noko i mot at ein eller ei ho er mormor til, får vottane.

Eg synest dette var eit fint mønster, og dei var kjekke å strikke.  Dei kjem ikkje med på meiningsmålinga i denne runda.  Eg ser at blogglesarane likar best dei første eg strikka.  Sjølv liker eg betre og betre desse andre mønstra.

2 kommentarer:

  1. Klart eg ikkje har noko imot at eit barnebarn får vottane. Du FIKK garnet.

    SvarSlett
  2. Eg er litt usikker på kva mønster dei vil gå med. Trur Ingeborg vil like dei viss dei passar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...