Eg må og legge til at dette er rimeleg mat. Ein pakke svinekjøt kostar 30 kroner, og ris er mykje billegare enn poteter for tida. Berre som eit lite tips til studentane i familien.
1 pakke (400g) strimla svinekjøt
2 gulrøter
1 paprika
1 løk
2 ts karri
1- 2 ms olje til steiking
1 boks kokosmjølk
2 dl vatn (1/2 boks) vatn
1 hønsebuljongterning
2 ms flytande honning
1 ts salt
4 dl ris
- Set på risen. Kok opp kokosmjølk i ei panne.
- Steik svinekjøtet og ha det i kokosmjølka.
- Del grønsakene i terningar og surr dei i olje og karri eit par minutt før du har dei i panna.
- Ha i resten av ingrediensane og lat retten koke i 10 minutt.