torsdag 2. januar 2014

Potetball i foodprosessor

I boka til Gunda er der mange oppskrifter på potetball/raspeball/klubb/komle. Eg har lært ein del elevar å lage "ballj" som vi seier, opp gjennom åra. Det som ikkje står i oppskrifta, eller handlaget om de vil, er kanskje det viktigaste.  Eg serverte potetball til restar av julemat i går.  Berre ein brøkdel av det ligg i fatet ...

Oppskrifta under er enkel og god.  Det er ein grei måte for små porsjonar.  Makindelane kan vaskast i oppvaskmaskin. I min foodprosessor kan eg doble oppskrifta under. Skal ein lage i store panner, er det berre å ta fram Kenwooden.
Kokekraft:
1 ts salt per liter vatn
(Krafta vert betre med knokar eller saltkjøt/flesk i.)

Raspeball (4 stk)
3-4 rå poteter
1 (++) kokt potet
1/2 ts salt
1 dl byggmjøl
2 ms kveitemjøl
 Skjer potetene i to-tre bitasr før du legg dei i foodprosessoren.
 Køyr maskina til potetene er kutta, ikkje lenger!


Ha i resten av ingrediensane. I oppskrifta står der 1 kokt potet.  Eg bruker å ha i ei ekstra. For lite kokte poteter gir lett for fast ball.  
Køyr maskina til ingrediensane er blanda.  Det tek ca. 20 sekund.  Massen er framleis litt tørr. Siste blandinga gjer du med ein slikkepott.
 Eg bruker ein fleskebit midt i potetballen.  Trykk den godt inn i massen.
Form ballane med våte hender. Legg dei over i krafta og lat dei trekke til dei er gjennomkokte.  I skulekjøkenoppskrifta står der 25 minutt. Heime får dei gjerne trekke ein time.

Kva ein vil servere til potetball, er det svært delte meiningar om. Dei fleste vil vel ha rabbe/kålrabi/kålrot. Eg trur farmora mi i Sogn laga den beste ballen eg har smakt.  Ho serverte ertesuppe, salt kjøt og flesk til.  Det vert skikkeleg festmat. Elles fekk ein litt sukker å dyppe ballen i.  Det grøssar sunnmøringar over. 

Her serverer ein poteter til ballen. Og det verste av alt: "Skal du ha feitt?" Det vil seie at ein ausar smelta smør eller margarin over ballen.  For meg vert det bokstavleg talt smør på flesk.

Nei, ein skal vel ikkje pirke bort i mattradisjonar! Ein vil vel at gjestene skal bli nøgde?  Derfor kokar eg nokre poteter saman med rabba, og må dei ha feitt, så får dei smør. Til drikke serverer eg både sur og søt mjølk.

1 kommentar:

  1. Kompar, som det heiter i Gloppen, er festmat, i alle høve hjå oss. Då lagar eg stor panne, og har steikte komparar dagen etter. Eg må innrømme at dei siste åra har det gått mykje i kjøpemjøl, "ingen" merkar forskjell. Men før var det foodprosessoren som tok jobben. Trur det er viktig å sike frå litt kraft, for å bruke mindre mjøl. Har av og til brukt litt kveitemjøl i tillegg til byggmjølet, eller grovkveite, og faktisk og havregryn. Dott må til. Steikt bacon og løk er eit must, gjerne ei dampepølse eller litt salt kjøt eller knoke. Serverast med kålrabi og gulrot, godt med lettrøme, og melk, sur eller søt, til drikke.
    Om det ikkje er for salt kraft, blir den brukt til brøddeig. Brøda blir knakande gode...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...