torsdag 2. januar 2014

Ball, klubb og komle med dott

Går det an å lage ei kokebok berre om ball? Det var det første som slo meg då eg høyrde om Gunda sitt siste kokebokprosjekt. Sjølv lagar eg to sortar, og det er potetball og blandaball.  Det siste er kanskje det mest populære i heimen.

Gunda gir oss ei detaljert innføring i kunsten å lage ball.  Her kjem ho med råd om alt frå potetsortar til kokemetode.  det er ikkje berre namna på retten som er ulike rundt om i landet, men ballen vert laga på ulikt vis.  Tilbehøret varierer også.  Det har vel mange av oss erfart ... 

Ball i påse er heilt nytt for meg, sjølv om det kjem frå Møre og Romsdal. Småballsuppe også. Kleppmjølk har eg vage minne om frå heimkunnskapstimane i Ørsta der ein av gutane la det fram som eit ønske. Altetande som eg er, likte eg det og.
 Boka har eit eige kapittel med mange ulike oppskrifter på fiskeball, eller blandaball som vi kallar det når ein lagar ball av fisk og poteter. Sjølv har eg aldri ete rognball og kams - enno.

Til slutt tek Gunda eit blikk ut i verda.  Kreative husmødre i mange land har laga noko som liknar på vår ball ut i frå dei råvarene dei har hatt tilgjengelege.

Eg synest Gunda har gjort eit godt arbeid med å løfte fram denne tradisjonsmaten. Her er mykje å lære om ball! I ei kokebok er bilda svært viktige.  Alle oppskriftene har bilde ved sida av seg.  Dette meiner eg er eit stort pluss. Ein har og leita fram gamle ting og kjøkenreiskapar og tatt bilde av. Det høver godt som illustrasjonar. De kan bla i boka her.

No gler eg meg berre til å prøve oppskrifter frå boka!



6 kommentarer:

  1. Eg har ikkje fått med meg at Gunda har skrive bok med ballen som tema.
    Siste par åra har eg brukt raspeballmjølet i posane frå
    Stangeland mølle. Er nok blitt lat (og kanskje praktisk ?) Ballen er alltid perfekt i konsistens og alle her i heimen likar den.
    Ball til middag er fest, då lagar eg gjerne til 10-12 personar og me har kanskje saltkjøt/pinnekjøt, mòr, pølse og viss eg føyer alle får dei baconfeitt til.... Ikkje verken billeg eller sunnt, men det er sjeldan det blir så stort...
    Du skriv om ball av rogn, det har eg faktisk laga ein gong. Ei tante brukte å lage og etter ho vart gamal laga eg og baud henne på middag. Ho kalla det rogneruter.
    Kams har eg laga ofte. Det er godt i små mengder, kanskje ein gong i året.
    Kjekt å lese innlegget ditt !!

    SvarSlett
  2. Eg veit mange bruker det mjølet. Eg har ein som gjerne skrellar poteter, og då synest eg det er greitt å lage potetball. Steikt ball i baconfeitt er kanskje minst like godt som kokt ball ...

    SvarSlett
  3. Godt nytt år :-)

    Har høyrt om boka, men ikkje sette henne enno.
    Ikkje ofte det vert laga ball. Hugsar ei barndomsvennine som alltid måtte få mora til å skrape "rein" ballen før ho skulle ete den. Og då med sirup på!

    SvarSlett
  4. I Sogn fekk vi sirup - eller sukker som vi heller likte. Ikkje alle bokhandlarar er like flinke til å ta inn bøker dessverre.

    SvarSlett
  5. Så kjekt at du likte boka! Eg har prøvd med sirup til ball, det var ikkje mi greie. Til potetkaker derimot, er sirup veldig godt. Vi lagde potetkaker av mandelpoteter frå nyttårsaftan her om dagen, det vekte barndomsminne.

    SvarSlett
  6. Potetkaker der det tanta mi i Sogn som er ekspert på. Svigermora mi og som ofte laga det til kaffimat. Eg har aldri tatt meg tid til å lære meg det. Trikset til tanta mi meiner eg er å lage deigen av varme poteter. Ho bruker svært lite mjøl.

    Du har gjort eit viktig arbeid med å samle desse oppskriftene på tradisjonsrettar!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...