fredag 5. juli 2013

Tankar om å bli 50

Når ein nærmar seg eit rundt tal, kjem det mange tankar om det å vere ung og gammal. Når ein er ung, synest ein femtiåringar er eldgamle.  Overhøyrer ein ei samtale om at dei vågar å føle seg unge, ja då trekker ein på smilebanda. Så er ein der sjølv.  Kva skal ein seie?

Mor mi la ut nokre bilde av meg frå 60-talet. Materielt sett hadde vi det enkelt.  Eg vart fødd 18 år etter krigen. For 18 år sidan var vi i 1995 til samanlikning.  Då eg var lita synest eg at krigen var lenge sidan. Frå 60 talet hugsar eg grusvegar og mopedar.  Eg kan og hugse første gongen eg bada i eit stort badekar.

Dei som er fødde på 70-talet fekk ein annleis oppvekst.  Då begynte mødre, også mi, å jobbe, og det vart diskutert om det var bra for borna, som vaks opp som nøkkelbarn.  Systera mi som vart fødd i 1968 rakk å gå eit par år i barnehage. Eg var stolt over å ha ei mor som var lærar. På 70-talet fekk vi bil og eige hus.  Eg hugsar eg fekk sitte på ein gong far min tok køyretimar. Vi kjøpte oss TV i 1970.  Eg har aldri hatt særleg interesse for barne-TV ...

På 80-talet tok eg utdanning, gifta og fekk eitt born.  Det var ikkje vanskeleg å velje utdanning.  Du gjekk der du kom inn.  Eg kom inn på gymnas, noko det ikkje heitte, men vart kalla.  Eg greidde matematikken, så då gjekk eg naturfaglinja. Biologi var yndlingfaget mitt ved sida av matematikk og engelsk.  Eg studerte norsk eit år før eg bestemte meg for å bli lærar.  Det var læraroverskot, så eg satsa på eit femte år, då med heimkunnskap. I 1981 eller 1982 fekk vi telefon etter å ha stått på venteliste eit par år. Ei fantastisk nyvinning var farge-TV, som vi fekk heller seint.

På 90-talet fekk eg tre born.  I seks år til saman hadde eg permisjon for å passe dei.  Elles jobba eg i barneskulen. I dette tiåret begynte dataalderen for fullt.  Innan data vil eg kalle meg autodidakt. Det er ikkje mange kurs eg har fått, og då berre ein time eller to.  Eigentleg er det litt skræmande? TV-en fekk fleire kanalar.

Frå 2000 har eg jobba i ungdomsskulen, først i deltidsjobb og no i full jobb. Når eg ser yngre kollegaer bringe og hente i barnehage og SFO, så kjenner eg meg fri.  Den jobben er eg ferdig med.

Viss nokon hadde sagt det for 50 år sidan at eg skulle ta fly til Roma for å feire femtiårsdagen min, ville vi kanskje ikkje trudd det. Heller ikkje at kvart barn og kvar vaksen skulle gå rundt med kvar sin telefon i handa.  Det ville og vore utruleg at vi skulle kunne sjå på TV-kanalar frå heile verda. Internett ville vi ikkje forstått.  Frå å ikkje ha bad på 60-talet, har vi no to.

Ein skal ikkje reise særleg langt for å sjå at vi har det materielt sett svært godt i Noreg.  Dei som er ein generasjon yngre enn meg, har ikkje opplevd noko anna. Dei synest kanskje vi er vel gnitne når vi sparer på fargekopiane til dømes. Eg hugsar kor kjekt det var å få ein stensil.  Den herlege lukta gløymer eg aldri. Men eg har kome til at ein må berre henge med i utviklinga.

Det er flott å bli femti. Alderen tynger ikkje.  Ein vert berre meir reflektert. Erfaring er også godt å ha.

P.S:
Gåver høyrer med til å fylle år.  Kjøp ikkje noko dyrt, plar eg seie, og eg meiner det!  No hadde borna spleisa på eit leiketøy for damer.  Og eg må berre innrømme at det er kjekt å ha ... Elles må eg seie at yr har bomma i dag.

10 kommentarer:

  1. Til lukke med femtiåra, du veit du er går i ditt einogfemtiande år no ;)
    Interessant og kjekt innlegg om historia.
    Eg som er nesten femten år eldre har endå litt meir endringar å sjå attover på.
    Min store skrekk er å ikkje klare å henge nokonlunde med i utviklinga. Særleg på det tekniske..
    Du held deg ung til sinns når du arbeidar med ungdom. Eg saknar det !

    God helg !
    Helsing Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! God helg til deg og!
      Den tekniske utviklinga går fort. Etter kvar permisjon følte eg meg litt akterutseilt, men eg tok meg inn att. I dag har eg bestemt meg for å lære meg med nettbanken via app. Eg stod litt fast, hadde gløymt ein bokstav i brukernavnet. Men eg skal ikkje gi meg. Frøkner her er ein god hjelper...

      Slett
  2. Eg går no her og filosoferer rett som det er, ikkje minst over det som har skjedd sidan 1950 og fram til vår tid.Aldri før har utviklinga gått så fort som i dei siste 50-60 åra. Mange gode ting har vi fått etter kvart,ting som gjer kvardagen lettare. Vi kan ikje nekte for det.Eg brukar å seie at ingen ting var betre før, berreVI (eldre). Det som har forandra kvardagen veldig mykje siste åra er dei sosiale media. Ingen er langt borte lenger, vi kan ha kontakt med bar, foreldre og andre så ofte som vi vil. Det synest eg er ein veldig god ting.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er no gratis wiki på hotell og flyplassar, og fleire restaurantar reklamerer med det. Så det er ikkje vanskeleg å kome seg på Facebook. Noko Anna som er blitt mykje enklare er valuta. Ein får euro på Hareid og ein kan betale med kort på alle butikkar og restaurantar m.m. Eg hugsar reisesjekkane og postbankboka.

      Slett
  3. Gratulerer med overstått dag!
    Kjenner meg godt igjen i det du skriv :)
    Men du så fort desse 50 åra har gått!

    SvarSlett
  4. Takk for det! Ja åra går fort!

    SvarSlett
  5. Ja det er skjedd mange ting de siste 50 årene.
    Lurer på om ting kan forandre seg så mye de
    neste 50 årene? Det får vel ikke vi se resultatet
    av i tilfelle. Men det er egentlig en litt
    skremmende tanke.
    Vi hadde bad og telefon fra jeg var født, men tv
    fikk vi ikke før jeg var ca 12 år. Vi hadde den
    første fargetv'en i bygda. Det var stas.
    Alle naboungene kom å skulle se barnetv i farger
    hos oss husker jeg.
    Ønsker deg ei herlig helg :)

    SvarSlett
  6. Takk for det! Det er vel slik at når ein synest ein har alt, finn dei opp noko meir!!
    Når det gjeld telefon, så hadde det også med yrke å gjere. Morfaren min køyrde ambulanse og hadde sjølvsagt telefon. I mannen min sin familie er det lensmann og politi. Elles så hugsar eg diskusjonen om farge-tv car skadeleg for augene ...

    SvarSlett
  7. Interessant å lese. Du er ikkje så mange år eldre enn eg, men skilnadene i barndomen er relativt store likevel.

    SvarSlett
  8. Utviklinga gjekk svært raskt! Du rakk akkurat å gå i barnehage og bli nøkkelbarn - også fordi du var yngst. Du var også berre to år då vi flytta frå Melsbygda. Du hugsar nok heller ikkje då vi fekk tv. Det var ein måndag, den barneTV-frie dagen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...