torsdag 21. februar 2013

Blandaballj og andre bollar?

 I går var det familietreff hos systera mi.  Vi nytta høvet til å hente bilen til eldstemann som stod parkert der i staden for ved flyplassen.  I morgon kjem han heim att på Vigra flyplass.  Far min hadde laga til ein stor balje med fiskefarse i bagasjerommet.  Det første eg fekk lyst på, var blandaballj.  Eg sjekka oppskriftene i "Go'bitar frå besta si kokebok".  Der var det muskatnøtt i og dobbelt så mykje salt som i mi eiga oppskrift. Eg gjekk for mi eiga.  Attåt serverte eg rabbe(kålrot) og gulørøter og så steikte eg flesk som eg har laga etter oppskift i "Go'bitar frå besta si kokebok".  Før jul fekk ein kjøpte tynnribbe til ein rimeleg penge.

Kva seier blogglesarane: Skal det vere muskatnøtt eller muskatblomme i blandaballj.  Eg har ikkje vakse opp med denne retten.  Elles meiner eg å ha lært ein hugseregel: Muskatnøtt til kjøtt - ergo muskatblomme til fisk?
 Mor mi hadde strikka ferdig ein genser til i går.  Vi har tatt opp att eit gammalt samarbeid: Ho strikkar, eg monterer. Jobben får eg fordi eg er den mest pirkete i familien, når det gjeld handarbeid.
I staden for å risikere å ta opp att arbeidet, tråklar eg ein del.
 Og i dag kom endeleg bokpakken min!  Eg synest å hugse at Gunda var på bakekurs med forfattaren av "Enklare brød" omtrent samtidig som eg var på kurs med Morten Schakenda.  Det er artig å prøve ulike metodar!  Kanskje det vert sett ein deig i kveld?


8 kommentarer:

  1. Det er år og dag sidan eg smakte blandaballj, hugsar ikkje at det var nokon framtredande smak av muskat..
    I dag henta eg boka Smalhans (som du tipsa om var på Mammutsalg, takk for det )
    Har lese litt i den. Mange freistande og enkle oppskrifter der. Eg har brukt mange oppskrifter Gunda har hatt i Smp. gjennom åra.
    Fint strikk du monterer, og nøya er du ser eg ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kallar Gunda "bloggvenninne".Eg har møtt henne ein gong. Eg er fan av oppskriftene hennar. Dei er enkle og så står der ofte "kan sløyfast" eller ho kjem med alternativ. Då står ein ikkje fast om ein manglar ein ingrediens.

      Slett
  2. eg brukar ikkje muskat i min fiskemat --- men mamma brukte det


    klem monika

    SvarSlett
  3. Eg bruker muskat stort sett i kvit saus og dermed i fiskegrateng.Elles så dukkar det opp i nokre oppskrifter ein prøver.

    SvarSlett
  4. Eg brukar muskat, helst blomme, i fiskemat, men ikkje i blandaballj. Det er berre eit par -tre år sidan eg smakte blandaballj for første gong.Eg laga den sjølv, og den vart god! Sist sommar åt eg blandaballj på Nordmørskaféen i Kr.sund. Den var betre enn min. Smaken var den same, men den var grovare i konsistensen. Ikkje noko muskat der heller.

    SvarSlett
  5. Min vart ikkje så veldig grov heller, men det er betre enn at den dett frå kvarandre. Svigermor mi laga det ho kalla fiskeball omtrent på den måten.

    SvarSlett
  6. Blandaball er vel egentlig opprinnelig en nordmørsrett. Slik jeg har lært å lage den av min mor, som igjen har lært det fra sin, skal det ikke være muskat i den. Har også smakt ball fra mange andre "nordmørskjøkken" og aldri fått den med muskat i. Jeg bruker potet, fisk og løk i ballen. Mange bruker fleskebit inni ballen men det er ikke jeg så begeistret for. Har funnet ut at det gjør samme nytten for smaken at en legger et stykke flesk i kokevannet, men det kan en jo prøve seg fram til.
    Ser forrige innlegg refererer til fiskeball, men her på Nordmøre er det noe helt annet enn blandaball da den ikke inneholder løk og hvetemel.

    SvarSlett
  7. Eg har begynt å lage blandabalj i godt vaksen alder. Svigermora mi var trønder. Ho laga fiskebalj.
    Muskatsmaken meiner eg også ikkje høyrer til.
    Blandabalj steikt i fleskefeitt er ein favoritt her - typisk dagen derpå rett.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...