onsdag 29. juni 2011

Sikra meg siste eksemplar



Dei to eldste karane i familien har reist til hovudstaden for å høyre på Bob Dylan.  I dag skulle visst keeperen stå i mål ein kamp også.  Resten av gjengen fann ut at vi kunne nytte høvet til ulike innkjøp.  Der er mellom anna ein stor G-sport-butikk som lokkar i Breivika.

Ein dag eg beundra eit flott blomsterbed i ein hage bort i gata. Der var laga til fint med steinar og plantar.  Eigaren kunne fortelje at ho hadde fått bedet i fødselsdagsgåve.  Eg har ymta frampå om at eg berre vil ha ein tur til dette gartneriet i gåve, kjøpe greier eg sjølv.  No må ein gi og ta litt når ein har med tenåringar på tur, så det vart berre ein snartur innom Plantasjen.  Ærendet var ein halv hekk.  Det fekk vi tak i.  Der var tre for to, så det vart til at vi kjøpte tre plantar i staden for fire.

Eg er så glad i Peace-roser.  Mine to tok vinteren.  Det seiest dei er like skjøre som freden.  Rosa er frå 1945. Eg leita to gonger over alle rosene på Plantasjen.  Til slutt fann eg eitt einaste eksemplar av rosa.  Ikkje noko prakteksemplar kanskje, men kjem der ei rose eller to i år, vert eg nøgd.  Og så håper eg på ein mild vinter!

På Moa shoppa vi "litt".  Vi deler oss i kvinner og menn.  Eg tek med meg frøkna og så går vi på annankvar mine og hennar butikkar.  Etter kvart har vi fått fleire felles interesser når det gjeld butikkval ...


5 kommentarer:

  1. Så kjekt med ein slik tur..
    Godt du fekk deg ei rose..
    Men ta turen inn i Brusdalen du, til Viddal :-)
    Der må du ha god tid og helst litt pengar på kortet ;-)

    SvarSlett
  2. Det var der naboen hadde vore, men av hensyn til tenåringane ...

    SvarSlett
  3. Første fredsrosa eg såg, var den som pappa kjøpte sist på 1940-talet. Den levde ikkje så lenge, dessverre, men eg hugsar at vi studerte fargen nøye, og fann litt blått inst på kronblada. Sjølv har eg hatt opp til fleire, men ingen av dei levde lenge.Noko som er fint med Peace er at ein kan plukke inn knuppar, og dei utviklar seg i ein vase med vatn.

    SvarSlett
  4. Viddal i Brusdalen? Det må vere han som budde og dreiv på Viddal før? Det var eit bra gartneri, men dei flytte derifrå fordi det vart tungvint å drive på ein så avsides plass. Var der eit par gonger.

    SvarSlett
  5. Det skal vere det beste gartneriet i følgje hageentusiastar!
    Peacerosa skal eg plante i rikeleg med kugjødselkompost og håpe på roser. Sist eg hadde, vart dei knabba. Eg mistenker småjenter for å synest dei er kjempefine! Dei er tilgitt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...