torsdag 5. mai 2011

Vår i vindaugskarmen

 Det er ikkje berre i hagen det livnar no.  Rosene eg kjøpte i vinter, har kome med nye greiner og knoppar.  Ereg heldig, får dei eit nytt liv ute seinare i sommar.
 Fleire orkidéar held på å sprette ut.  Denne fekk eg av tanta mi, ho som bur åleine på ei øy, for to år sidan.
 Denne pasjonsblomster buktar seg kring den store engletrompeten min.  Den ser visna ut, men der er liv, ser eg.
 Porselensblomst, eller kva den no heiter, står i knopp.
 Denne avleggaren av ein engletrompet har eg fått av venninna mi.
 Ho skal få ein av pelargoniastiklingane mine.
 I år tjuvstarta eg litt.  Vanlegvis er 1. mai ein god dato å så skvåsj.  Eg sådde eit par tre frø ei veke før, berre eitt spirar.
I går fekk eg 5 kilo malen fisk av far min.  Det vart til fiskekaker på akkurat den tida det tok meg å lytte til ein CD.  Då hadde eg ei maskin, to bollar og to steikepanner i sving.  No sit eg her og er tørst.  Nest etter jordbær, er fiskekaker noko som er vanskeleg å la vere å maule når ein styrer med det...

2 kommentarer:

  1. Eg orkar ikkje å smake på fiskekaker eingong mens eg held på å lage dei.Synest ikkje fiskekakene mine blir gode same kva eg gjer. Vil heller ha fisk. Kjekt at du fikk tid å lage dei i dag, reknar med dei går unna der i huset.

    SvarSlett
  2. Kveldsmat for dei som vil, og kjekt å ha enkel middag fredag etter full dag på jobb, dei tre siste på skulekjøkenet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...