onsdag 15. desember 2010

Vørterbrød

Medan frøkna baka "julemanna" i går, baka eg vørterbrød.  Oslostudenten kom heim i går, og mora lagar sjølvsagt slikt som han liker.  Viss noko kan kallast ei familieoppskrift, så trur eg denne som mi mormor laga må vere var familie si.  Eg har ikje sett ho nokon annan stad.  Her må blogglesarane gjerne arrestere meg.

Vørterbrød (4 runde)

100 g margarin
2 1/2 dl sirup
2 flasker vørterøl
1 1/2 pk gjær+1 kopp lunka vatn
1 kg fint (sikta) rugmjøl
ca 1/2 kg (7 1/2 dl) kveitemjøl
1 ts salt
1 ts anis (malen)
1 ts allehånde
2 pk rosiner
Pensle med sirup i vatn (lunka)
Steikast ved 175 grader i 50 minutt.

Eg brukar å lage 3 avlange brød. Mine heva seg store i 1 1/2 liters former.  Steiketida må ein vurdere sjølv.  Min nye omn steiker mykje fortare enn den gamle ved same temperatur.

2 kommentarer:

  1. Eg kan aldri hugse at mamma laga vørterbrød, men viss du hugsar det, er det vel slik. Eg har laga vørterbrød EIN gong og det var ei heilt anna oppskrift.

    SvarSlett
  2. Kanskje eg må søke støtte frå søskenbarna? Etter min hukommelse var bror min svært glad i vørterbrøda som mormor baka ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...