lørdag 4. desember 2010

Vinnarlykke IV

Med den vinnarlykka eg har hatt i det siste, så kan eg ikkje gå forbi loddseljarar.  I dag vann eg denne brikka som eg kan pynte med til jul.  Det var skulekorpset eg støtta i dag og.
På biblioteket fann eg ei bok eg ikkje har lese, og så fann eg ei som eg lånte til mamma.  Eg har ein mistanke om at ho vil låne begge to viss ho ikkje har lese dei før.

5 kommentarer:

  1. Du har heilt rett når det gjeld dei bøkene. Aart Paasillinna er ein av favorittane, men denne har eg ikkje lese.So long Marianne, er det om Leonard Cohen eller tek eg feil?

    SvarSlett
  2. Ja, og eg mangla første CD-en då du skulle få låne den sist.

    SvarSlett
  3. Då var det kanskje like greit at Einar gløymde MP3-en her forrige helg.

    SvarSlett
  4. Fann to krimbøker i dag, Liza Marklund/James Patterson:Postcard killers og Johan Theorin (spøkelseskrim frå Øland, ikkje min favoritt): Blodleie.

    SvarSlett
  5. Den første der kunne eg tenkt meg å lese. Theorin har dei her, men eg har ikkje begynt å lese dei.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...