søndag 26. desember 2010

Julefilm

I går såg vi den første av alle filmnane eg har fått til jul.  Også denne gåva seier vel noko om mottakaren!

Filmen baserer seg på to sanne historier.  Julia Childs, også kalla Amerikas Ingrid Espelid, og matbloggaren Julie Powell som vert inspirert av kokebokforfattaren.  Historiene i seg sjølv er enkle.

Det som løftar filmen er Meryl Streep sine skodespelarprestasjonar.  Det vi har sett av Julia Child i Noreg, har vore nok til å forstå at ho er litt av ein type, og det får Meryl Streep fram på ein meisterleg måte.

For spesielt interesserte: På YouTube finn ein mange klipp både av Julia Childs og klipp frå filmen.

1 kommentar:

  1. Denne filmen har eg hatt ei stund, men eg har ikkje sett den enno. Meryl Steep er fantastisk, så vi får vel ta å sjå den ein dag i jula. Takk for påminninga og ha ei fortsatt fin jul!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...