fredag 31. desember 2010

Godt nytt år!

 Då vil eg ønskje alle blogglesarane eit riktig godt nytt år!  Eg kjem attende med ei "bloggerklæring" ut på nyåret.
Bilda er tatt klokka tre, og som de ser er det regn her i dag.

Her står det same på menyen på nyttårsaftan som på julaftan, nemleg pinnekjøt og to sortar Brudevollmôr.  Middagslaginga er det mannen i huset som står for.  Eg lagar dessert.  I dag vert det byggrynskrem.  Eg kokte  byggrynsgraut i går til lunsj/tidleg middag.

Det er mange som kikar innom bloggen min, og det er kjekt.  Det er ikkje så mange som legg att kommentarar, og det forstår eg godt.  Sjølv tek eg meg ofte ei bloggrunde, men kommenterer berre hos dei eg kjenner eller har hatt litt kontakt med.   No vil eg prøve å lage ei meiningsmåling som kanskje fleire vil vere med på.

Godt nytt år til alle blogglesarar!

5 kommentarer:

  1. så koseleg ein blogg du har då..
    kjekt eg fann deg..

    Godt nytt år til deg og dine!
    ♪♫•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•♫♪♪♫•*¨*•.¸¸❤

    SvarSlett
  2. koseleg bord! Eg ser at eg skulle ha hatt dei blå stettglasa!

    SvarSlett
  3. Dei tek litt meir plass i skapet ...

    SvarSlett
  4. Godt nytt år frå alle oss på Kongsberg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...