søndag 12. desember 2010

Fruktkake

Dei siste åra har eg stilt spørsmål ved om ein skal halde fram å bake kaker ein ikkje liker.  Peparkaker til dømes et eg berre viss eg ikkje greier å takke nei.  Perioden då ein bakte småkaker i steikeomnen var ikkje så lang, historisk sett.  Skikken høyrde 1900-talet til, meiner no eg.  No får vi bake det vi liker, og føre vidare dei tradisjonane vi ønskjer.  Denne fruktkaka begynte Besta å bake.  Eg har tipassa den kakeforma mi.

4 dl kveitemjøl
3 dl sukker
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

6 store egg

1 l paraneter
1 kg dadlar eller anna tørka frukt
(Eg brukte 3 pakkar paraneter, 2 pakkar aprikosar og 3 boksar dadlar. Sjå bildet.)
 Bland saman det tørre i ein bolle.
Pisk egga lett saman og bland dei i det tørre.
Bruk sleikjepott.
(Her "juksar" eg og bruker kjøkenmaskina.  Men eg rører minst muleg.)
Ha i frukta og netene.




Steik kaka ved 150 grader i ca 1 time.


Slik ser røra ut når du har ho i forma.  Fruktblandinga ligg litt oppå, men når kaka vert steikt, hevar røra seg og kaka vert som på bildet øvst.


Når kaka er kald, skjer du ho i høvelege stykke t.d. åtte - ni, og pakkar dei i folie.  Kaka har godt av å modne.

6 kommentarer:

  1. Denne har eg laga for lengst i år også. Eg doblar den valige oppskrifta,og steiker i ei liknande form som di, Den ferdige kaka skar eg i fire og fraus.Denne er brukande som heilårskake. " Småkaker" og ev.smultringar kjøper eg på butikken.

    SvarSlett
  2. Eg har gått forbi smultringane i år ... Men det vert fleire besøk på Amfi. Eg skal lage krumkaker ein annan dag. Frøkna skal elles få bake "julemanna". Ho liker å styre med slikt.

    SvarSlett
  3. Takk for trivelig kommentar på bloggen min.

    Fruktkaka du har bakt høres veldig god ut. Har aldri bakt ei lignenede kake. Kanksje på tide å prøve..

    Ha en trivelig adventskveld:)

    SvarSlett
  4. Hei! Her i Starevegen 14 heiter kaka Brasiliansk fruktkake. Kvifor veit eg ikkje. I oppskrifta var det raude cocktailbær, det har vi slutta med, for dei var dyre og ungane likte dei ikkje. I "gamle dagar" bala vi fælt med å knekkje paranøtter, når kreftene tok slutt, fyllte vi på med hasselnøttkjernar..Etter å ha lese di oppskrift har eg og hatt aprikoser i!

    SvarSlett
  5. Glad for å inspirere! Ein kan vel ha i det ein vil. Utgangspunktet mitt var den brasilianske, og så har eg enra størrelse og litt innhald.

    SvarSlett
  6. Eg fekk oppskrifta i si tid av Astrid Baarøy, og har formidla den vidare. Namnet var heilt rett Brasiliansk fruktkake. Etter mi meining erstatter den anna tørka frukt.I oppskrifta mi er det berre dadlar og rosiner i tillegg til nøttene, men eg har brukt ymse frukt/nøtteblandingar, og aprikosar som gjer kaka "friskare" i smaken. Ein kan bruke det ein har, og heldigvis får ein no kjøpt KNEKTE paranøtter.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...