torsdag 16. desember 2010

Bok 58: Finsk forteljarglede

Eg skal ikkje gje meg ut på noko handlingsreferat av boka.   Sjekk gjerne på Bokkilden.  Ein kan undre seg over at ei slik forteljing kan bli til så god litteratur.  Eg har kosa meg frå først til sist.

Kva er det som gjer at eg liker denne boka?  Det er noko med måten forfattaren fortel på.  Skildringane er herlege.  Prostefrua er svensklektor og får sitt pass påskrive på ein herleg måte.  Når ei setning følgjer på ei anna, gir det tilsikta assosiasjonar.  Elles veit du aldri kva som kan skje på desse reisene som er typiske for bøkene til Arto Paasilinna.  Ein kan gjerne kalle det eventyr for vaksne.  Men det er ikkje utan brodd.

Viss du aldri har lese ei lydbok, kan dette vere rette boka å begynne med!

3 kommentarer:

  1. Eg har lese mange av bøkene til Arto Paasilinna, men denne har eg til gode.Har heller ikkje lese Den ulende mølleren. Forfattaren brukar ein heilt spesiell humor til å beskrive samfunnet og diverse fenomen i tida.Men som du seier, det er vanskelig å forklare hendingane i desse bøkene. Eg har mora meg stort over dei eventyrlige reisene rundt omkring i Finland, og andre land.Topp finsk, til dels svart, humor. Min favoritt er Kollektivt selvmord.Så langt.

    SvarSlett
  2. Eg trur ikkje eg har lese den. Du skal få låne denne.

    SvarSlett
  3. Same dag som eg las dette blogginnlegget hadde eg skaffa eg meg "Kollektivt selvmord". Knakande god forfattar, i alle fall for dei av oss med beslekta humor!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...