fredag 15. mars 2013

God helg!

Det har vore lange dagar på jobb med kontaktmøte denne veka.  Betre vert det nok ikkje neste.  Men vi kan gle oss til påskeferie.  Først skal yngstemann til Tyrkia på treningsopphald ei veke.  Journalisten er der no. Men neste helg kjem studenten heim, så då kan vi vel samle alle. Det gler vi oss til.

Ein fordel med å ha det travelt, er at eg omtrent ikkje har handla mat denne veka.  Kjøleskåpet vart rett og slett så tomt at eg like godt tømde og vaska det.  Så er det gjort til påske!

Då ønskjer eg blogglesarane ei god helg!

2 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...