fredag 1. februar 2013

Sei i mikrobølgjeomn

Denne veka har vi berre vore tre heime. Skal ein lage mat til ein stor familie, sparer ein ikkje så mykje tid på å steikie i mikrobølgjeomn, men med små porsjonar løner det seg.  I dag sette eg på mandelpoteter medan eg laga ein enkel fiskerett. Eg ville at all seien som er frosen i porsjoner til fire, skulle bli oppeten. Til ein eller to personar ville eg lagt potetene i botnen av forma.
Eg bruker ikkje oppskrift når eg lagar slik mat.  Blogglesarane får sjå på dette som inspirasjon.
Eg brukte ei eldfast form med lok.

Eg starta med å kutte opp grønsaker.  her tek ein det ein har.  I dag vart det purre, gulrøter, paprika og brokkoli.  Dette fekk koke to minutt i mikrobølgjeomnen med 1 ms vatn og litt salt medan eg skar opp fisk og sitron.
Det vart to lag med fisk i dag.  Eg dryssa salt og pepar på alle fiskestykka og la nokre sitronskiver mellom.  Kor mykje smør ein vil spandere, får ein bestemme sjølv.  Det smeltar og renn gjennom fisken ned på grønsakene.  Steiketida bør vere kortast mogeleg. I dag var 8 minutt passeleg.
Før servering hadde eg på cherrytomarar og litt grasløk.  Og ja, alt vart oppete.

3 kommentarer:

  1. Eg har aldri lært meg å bruke mikroen til anna enn oppvarming, har vore skeptisk. Denne retten går vel fint i steikeomnen og? Her et vi fisk kvar dag, det er det einaste eg har lyst på til middag.

    SvarSlett
  2. Ja, eg bruker vanlegvis steikeomnen. Steiketida vert lengre. Varierer ein fisken, kan ein ete det ofte!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...